Hopp til innhold

Ein person kritisk skadd i frontkollisjon

Ein mann i 80-åra er kritisk skadd og frakta til Førde sentralsjukehus etter ein frontkollisjon på riksveg 5 i Flora.

Ulukke

ULUKKE: Tre personar er involverte i ei trafikkulukke på riksveg 5 mellom Førde og Florø.

Foto: SOLVEIG SVARSTAD / NRK

OPPDATERT 19.30: Ulykkesgruppa har gjort ferdig si gransking på staden og ulykka vert etterforska på Florø politistasjon. Det er no fri ferdsel på vegen. Politiet veit enno ikkje meir om kva som var årsaka til ulykka.

– Det har vore ei møteulukke med ein personbil og ein bubil. Desse har kollidert front mot front i ein liten svak sving, seier innsatsleiar Kjell Bolsø.

Bolsø

KRITISK SKADD: Ein person er frakta med luftambulanse og er kritisk skadd, seier innsatsleiar Kjell Bolsø.

Foto: SOLVEIG SVARSTAD / NRK

Ei kvinne og to menn er involvert i ulukka. Føraren av personbil var åleine i bilen og er kritisk skadd. Han frakta med luftambulanse til Førde sentralsjukehus. Ei kvinne og ein mann, begge i 60-åra, som sat i bubilen er frakta med ambulanse og er lettare skadd.

Ulukka skjedde kring 1,5 kilometer aust for Storebru på riksveg 5 mellom Florø og Førde. Politiet fekk inn meldinga litt over kl. 12.30.

– Det ikkje mistanke om noko rus. No skal vi hente inn opplysningar frå vitne, observasjonar og gjere oppmåling. Vi får truleg bistand frå trafikktryggleiksgruppa, seier Bolsø.

Front mot front

MØTEULUKKE: Ein personbil og ein bubil har kollidert front mot front på riksveg 5.

Foto: SOLVEIG SVARSTAD / NRK

Lange køar på staden

NRK sin reporter på staden kunne fortelje om lange køar. Ulukka gjorde at vegen var stengd ein times tid. Politiet melder på Twitter om at vegen no er open att.

Laster Twitter-innhold
Storebru