NRK Meny
Normal

Syklist omkom i kollisjon med søppelbil

Ein syklist omkom onsdag føremiddag etter ein kollisjon med ein søppelbil på riksveg 15 i Stryn.

Ulykke i Stryn

DØDSULUKKE: Alle naudetatane kom raskt til ulukkesstaden like ved Kleivenes camping i Oppstryn.

Foto: Tone Nordahl / NRK

Ulukka blei varsla til AMK nokre få minutt før klokka 10 om føremiddagen.

– Vi har fått stadfesta at personen er omkomen, seier operasjonsleiar Per Rimmen i Vest politidistrikt til NRK.

Onsdag kveld får NRK opplyst at den omkomne er ein mann i 40-åra, og at han er heimehøyrande i distriktet.

Naudetatane og luftambulansen kom raskt fram til ulukkesstaden, og vegen som lenge var stengt er no opna.

– Etterforsking av hendinga tydar på at syklisten sykla inn i søppelbilen som sto stille i vegen. Utfallet av dette var at syklisten omkom, seier operasjonsleiar Per Rimmen i Vest politidistrikt til Fjordingen.

Det bygde seg opp lange køar på riksveg 15 på begge sider av ulukka, som skjedde like ved Kleivenes camping.

– Åstaden er sikra. Vi vil no halde fram med etterforskinga, seier Rimmen.

Riksveg 15 forbi ulukkesstaden er no opna. Brann og politi dirigerer trafikken.

Lang kø

LANGE KØAR: Det er no lange køar på begge sider av ulukkesstaden.

Foto: Tone Nordahl / NRK
Laster kart, vennligst vent...
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå