Hopp til innhold

Dødsulukke i verdas lengste tunnel

Ein person omkom etter at tre personbilar og ein buss var involvert i ei trafikkulukke i den 24,5 km lange tunnelen på E16.

Ulykkesbussen hentes ut av Lærdalstunnelen

FRONT MOT FRONT: Ein turistbuss og ein bil frontkolliderte inne Lærdalstunnelen som er verdas lengste tunnel. To andre personbilar køyrde i kvarandre då dei skulle bremse ned.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Oppdatert tysdag kl.12.33: Det var 57 år gamle Valborg Heløy frå Skjolden som omkom i ulukka i Lærdalstunnelen.

– Vi fekk beskjed om at personen var omkommen kort tid etter vi kom til staden, seier operasjonsleiar ved politiet sin operasjonssentral, Per Rimmen.

Totalt fire køyretøy var involvert i ulukka.

– Det var front mot front mellom ein personbil og ein buss. Personbilen trefte fjellveggen etter kollisjonen. Ulukka skjedde mellom to til tre kilometer inne i tunnelen frå Lærdal, seier Oddbjørn Aune, som er vaktleiar ved Alarmsentralen.

Det var føraren av personbilen som omkom i ulukka. To bilar som kom bak personbilen køyrde i kvarandre under oppbremsing.

– Det var store materielle skader på bilen som køyrde i fjellveggen. Det måtte bilberging til for å få bussen ut av tunnelen, seier Rimmen.

I bussen var det 22 personar, medan det var ein person i bilen som kolliderte med fjellveggen. I dei to andre bilane var det ein person i kvar.

Ein svensk turistbuss køyrde inn tunnelen etter ulukka for å hente ut fleire personar.

Ulukke

TOTALT FIRE KØYRETØY: Tre personbilar og ein buss var involvert i ulukka inne i Lærdalstunnelen.

Foto: ODD HELGE BRUGRAND / NRK

– Det er forferdeleg

Sambuarparet Astrid Juvik og Sjur Herheim var blant dei som skulle gjennom ulukkestunnelen.

– Det er forferdeleg. I ein så lang tunnel kan mykje skje, seier Herheim.

Paret var på veg frå Åndalsnes til Voss, men måtte vente i fleire timar før dei kunne komme seg heim att. Dødsulukka sette ein støkk i dei begge to.

– Vi køyrer ofte gjennom tunnelen. Det er viktig å følge godt med når ein køyrer her, seier dei to samstemt.

Ulukke på E16

VAR PÅ VEG HEIM: Sambuarparet køyrer ofte gjennom Lærdalstunnelen og var på veg heim til Voss då ulukka skjedde.

Foto: ODD HELGE BRUGRAND / NRK

Lange køar på E16

Lærdalstunnelen var stengd i fleire timar etter ulukka for trafikk, og det var meldt om lange køar på begge sider av tunnelen.

Gudvangatunnelen var delvis stengd som følge av ulukka i Lærdal, men er no open att.

– Trafikken gjennom Gudvangatunnelen vil gå som normalt fram til køen etter ulukka er vekk, seier trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Lærdal, Roger Nedberge Hille.

E16 i Lærdal var tidlegare på dagen stengd ved Ljøsne etter ei trafikkulukke.

Ulukke

BRANNMANNSKAP: Brannmannskap frå både Aurland og Lærdal rykka ut til ulukka.

Foto: JAN CHRISTIAN JERVING / NRK