Hopp til innhold

Syklist omkom i trafikkulukke i Lærdal

Det var 87 år gamle John L. Sæbø som omkom i dødsulukka i Raubergtunnelen i Lærdal.

Dødsulukke i Raubergstunnelen i Lærdal

DØDSULUKKE: Raubergtunnelen på fylkesveg 243 i Lærdal vart stengd etter ulukka.

Foto: Jan Christian Jerving

Ulukka på fylkesveg 243 vart meldt like før klokka 10 tysdag. Det var tidleg klart at ulukka var alvorleg.

I samråd med pårørande gjekk politiet onsdag føremiddag ut med namnet til den omkomne. 87-årige Sæbø var busett i Lærdal.

– Ulukka var ein samanstøyt mellom bil og syklist. Syklisten, ein mann i 80-åra, er død, opplyste operasjonsleiar Marianne Føleide hos Vest politidistrikt.

Ulukkesgruppa til staden

Det var to personar i bilen, ei kvinne og ein mann. Begge kom fysisk uskadd frå ulukka, men fekk oppfølging frå helsepersonell.

120 meter lange Raubergtunnelen går gjennom Raudberg mellom Lærdal og Erdal.

– Ulukkesgruppa til Statens vegvesen er på staden og politiet har krimteknikarar og etterforskarar på staden. Dei gjer avhøyr og vidare undersøkingar, opplyste Føleide.

Stengde vegen

Fylkesveg 243 var lenge stengd som følgje av ulukka, og vart først opna for vanleg trafikk like etter klokka 16. Sidan Aurlandsfjellet er stengt var det ingen omkøyringsmoglegheit medan tunnelen var stengd.

– Vegen blir truleg stengd ei stund, sa Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i Lærdal til NRK.no tysdag føremiddag. I 16-tida vart vegen opna att.

Det kommunale kriseteamet i Lærdal er varsla, og vil følgje opp dei involverte i ulukka.

Dødsulukke i Raudbergtunnelen i Lærdal.

OMKOM: Ein mann i 80-åra miste livet i ulukka som skjedde inne i Raubergstunnelen i Lærdal tysdag føremiddag.

Foto: Arne Veum / Aurlendingen
Raubergtunnelen