Hopp til innhold

Yemane (56) har budd 24 år på asylmottak

5000 asylsøkjarar med avslag sit i dag på norske asylmottak. Nokon nektar å forlata landet frivillig, andre kan ikkje tvangsreturnerast – fordi heimlandet ikkje vil ta imot dei. Yemane Teferi frå Eritrea har levd på mottak i 24 år.

5000 asylsøkjarar med avslag sit i dag på norske asylmottak. Nokon nektar å forlata landet frivillig, andre kan ikkje tvangsreturnerast - fordi heimlandet ikkje vil ta imot dei.
Yemane Teferi frå Eritrea har levd på mottak i 24 år

TVANGSRETUR: Sjå TV-sak: Yemane Teferi frå Eritrea har budd 24 år på asylmottak. Foto:Ole Andre Rekkedal, Tim Wassmo/Redigering: Ole Andre Rekkedal

– Eg har ingenting å gjere og ingen stader å reise. Iblant kjennast det som om eg sit i husarrest, seier Yemane Teferi.

Livet hans står framleis på vent. Han flykta frå Eritrea i 1974. Eit land som ikkje vil ta ha han tilbake. No har 56-åringen bak seg 15 år på asylmottak i Norge, og før det ni i Sverige. Dei første åra etter at han flykta var han sjømann med base i Italia og falskt pass.

5285 personar sit no i norske mottak med plikt til å forlate landet. Det er litt færre enn på same tid i fjor, men ein auke sidan 2012.

– Kastar vekk livet til andre

Rune Berglund Steen

SJOKKERANDE: Rune Berglund Steen, leiar i Antirasistisk Senter seier historia til Yemane er sjokkerande.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Ei sjokkerande historie om ein tidlegare opposisjonell som har vore på flukt sidan 1974, seier Antirasistisk Senter.

– Det er to alternativ her, anten så vil Yemane fortsette å rotne i eit mottak, eller så får han eit verdig liv etter ein mannsalder på flukt. Det har han vore sidan det året eg blei født, og eg meiner at det ikkje går an å kaste vekk livet til andre på den måten, seier Rune Berglund Steen, leiar i Antirasistisk Senter.

I januar 2012 møtte NRK Yemane Teferi på Jølster mottak. No, to år etter er han på Bømlo mottak i Sunnhordland. Her får han 1960 kroner å leve for i månaden, og har ikkje lov til å jobbe. Ein skjebne afrikanaren delar med mange.

ASYLSØKARAR MED AVSLAG OG UTREISEPLIKT:

  • 2014–5285
  • 2013–5700
  • 2012–4950

Anten så vil Yemane halde fram med å rotne i eit mottak, eller så får han eit verdig liv etter ein mannsalder på flukt.

Rune Berglund Steen

– Eg har ingenting å tape

Himanshu Gulati

FLEIRE UT AV LANDET: Statssekretær i Justisdepartementet Himanshu Gulati seier det er mange som ikkje følgjer opp utreiseplikta si.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Det er ein del asylsøkarar som det er umogleg å sende tilbake til heimlandet, fordi det er totalitære- og autoritære statar som ikkje vil ta folk imot, og som ikkje vil lage returavtalar med Norge. Då vert folk gåande på mottak år etter år, seier Berglund Steen.

Han trur at det einaste ein kan gjere med dette er å gje opphald til dei som har vore her lenge, slik mange andre land har gjort.

Kor mange som er i Yemane sin situasjon, og ikkje kan sendast ut i mangel på returavtalar, er uvisst. Politiets utlendingseining opplyser til NRK at dei ikkje har tal på dette, og at ingen per definisjon er ikkje-returnerbare.

– Mentalt sett øydelegg dei meg, seier Teferi.

I Justisdepartementet jobbar Frp for å få fleire ut av landet. Dei to første månadene i år vart 1159 personar tvangsreturnerte. Ein auke på 41 prosent i høve til i fjor.

– Det er veldig få som ikkje kan sendast heim dersom dei sjølv medverkar til sin retur, men dessverre er det ein del som ikkje følgjer opp sin utreiseplikt, og då må vi bruke tvangsreturar, seier Himanshu Gulati, statssekretær i Justisdepartementet.

Ville blitt avvist på flyplassen

Eg har berre dette livet. Iblant tenkjer eg at det er det same om eg lever eller døyr. Eg har ingenting å tape

Yemane Teferi

Men kva som vil skje med slike som han, frå eit land vi ikkje har returavtale med, kan ingen svare sikkert på.

– Ein returavtale er ikkje nødvendig for å returnere folk, men det gjer det ofte enklare. Vi arbeider difor med å få på plass nye returavtalar.

– Erfaringane er at eritrearane ikkje ville sleppt han inn, han ville blitt avvist på flyplassen. Og det er vel difor norske politikarar ikkje prøver noko særleg heller. Dei veit at Eritrea er eit land der det er håplaust å returnere menneske til, seier Berglund Steen i Antirasistisk Senter.

– Eg har berre dette livet. Iblant tenkjer eg at det er det same om eg lever eller døyr. Eg har ingenting å tape, seier Teferi.

– Det er jo eigentleg ingen som er ikkje-returnerbare. Det viktigaste er at dei klarar å bidra til avklaring av eigen identitet og skaffe seg papir sjølv. Viss dei klarar det, er dei per definisjon returnerbare, seier justisminister Anders Anundsen (Frp).