Hopp til innhold

Forskar: – 1960 kroner er for lite til å leve på

Det er umogleg for asylsøkjarar å greie seg på 1960 kroner i månaden til mat, klede og anna forbruk, seier forbruksforskar.

Jølster asylmottak

SLO ALARM: Leiaren ved mottaket i Jølster, Grete Apelseth, meiner 1960 kroner er for lite å leve på for asylsøkjarar med endeleg avslag. No får ho støtte.

Foto: Bård Siem / NRK

Sist veke slo Norsk Folkehjelp alarm og hevda mange asylsøkjarar med endeleg avslag svelt medan dei sit i norske mottak.

1960 kroner i månaden er altfor lite sa mottaksleiar Grete Apelseth ved organisasjonen på Vassenden i Jølster og meinte praksisen var uhaldbar for ei velferdsland som Norge.

Meiner satsen er uetisk låg

Elling Borgeraas er seniorforskar ved Norsk Institutt for forbruksforsking. Også han meiner i underkant av 2000 kroner er for lite.

– Ut frå mitt perspektiv, når eg ser på forbruk, forbrukskostnader og levekår så er nivået urimeleg lågt.

– Er det uetisk?

– Ja, vedgår forskaren.

Drøymer om eit skikkeleg måltid

På asylmottaket i Jølster bur det i da ti bebuarar i aldersgruppa 22 til 64 år som har fått endeleg avslag på søknaden sin om asyl i Norge. Dermed må dei leve for 1960 kroner i månader, pengar som skal dekke alt frå mat, klede, toalettartiklar, reiseutgifter og mobiltelefon.

Fleire av dei har budd på mottaket i fleire år, og felles for dei er at dei er underernærte, hevdar mottaksleiar Grete Apelseth.

– Vi har fått varsku frå legane om at folk slit med å få i seg det dei treng av rett ernæring. For 1960 kroner er det vanskeleg å få i seg nok av det du bør av frukt, grønsaker, kjøt og fisk, sa ho til NRK.no sist veke.

Ei eritreisk kvinne i 20-åra fortalde sist veke om korleis ho drøymer om å få ete seg mett med eit skikkeleg måltid.

– Eg er veldig svolten, sa kvinna og fortalde at ho drøymde om fisk, mjølk og kjøtt.

Har ingen planar om å endre satsen

Men historia til den eritreiske kvinna og kravet frå Norsk Folkehjelp om at regjeringa må heve satsane, får ikkje regjeringa til å snu.

Frp-politikar og statssekretær i Justisdepartementet, Himanshu Gulati, vil ikkje heve satsen frå 1960 kroner.

– Dette er personar som har fått endeleg avslag og som har plikt til å forlate landet. Når dei likevel vel å bli i landet trass avslaget, så får dei denne satsen.

– Den var lik også under den raudgrøne regjeringa og vi har ingen planar om å endre den, sa Gulati til NRK.no sist veke.

(Artikkelen held fram under)

Created by InfoDispatcher

MEINER DEI SVELT: Norsk Folkehjelp seier mange asylsøkjarar med endeleg avslag lir av svolt og underernæring. Men regjeringa vil ikkje gje dei meir pengar.

Under halvparten av den lågaste sosialhjelpssatsen

Borgeraas seier satsen på 1960 kroner er mogleg å leve for ein månad eller to, men at det mykje for knapt med ein slik sum over tid.

– Det er ikkje mogleg å leve permanent på eit så lågt nivå for ein vaksen person over tid, seier han til NRK.no.

Han viser vidare til at den lågaste norske sosialhjelpssatsen, etter at husleige er betalt, er på om lag 5500 kroner i månaden.

Å gje asylsøkjarar berre 1960 kroner i månaden er nærast ei oppskrift på at dei må bli kriminelle, seier Borgeraas.

– Iallfall om dei skal leve på det nivået over ein lengre periode.