Hopp til innhold

Jalal har amnesti, men må framleis bevise kven han er

Jalal Ibrahimpour har i 20 år kjempa for å få bu og jobbe i Noreg. No har han fått amnesti og endeleg kan få jobbe - men må framleis bevise kven han er.

Jalal Ibrahipour ser ut over Sunnfjord.

DRØYMER OM LASTEBIL: – Eg vil vere aktiv, jobbe og delta i samfunnet, seier Jalal Ibrahimpour. Han drøymer om å køyre lastebil.

Foto: Oddgeir Sæle / NRK

  • Saka er endra måndag 13. februar klokka 1325. I den opphavelege saka stod det at Jalal ikkje får jobbe, sjølv om han har fått amnesti. Det rette er at han no får jobbe, men at han framleis må bevise kven han er.

Spol tida 20 år tilbake.

Jalal Ibrahimpour har rømt frå Iran til Noreg. Her vil han starte eit nytt og trygt liv, og jobbe som lastebilsjåfør.

Før han reiste hadde han høyrd at det ikkje var lurt å oppgi sitt ekte namn. I tilfelle familien i Iran skulle bli forfølgde.

Difor brukte han eit anna fornamn.

Det var ei løgn som har forfølgd han heilt sidan.

Då han få dagar seinare la fram iranske papir og sitt ekte namn, var truverda hans forspilt hos norske styresmakter.

Noreg ville ikkje ha han, men kunne heller ikkje returnere han til Iran, som berre tek imot avviste asylsøkjarar om dei sjølv vil heim.

Slik byrja 20 år på sidelina av livet.

Dokumenta Jalal vil bruke for å bevise kven han er.

Nesten uansett kva han legg fram av papir, er det vanskeleg å bevise for norske myndigheiter kven han er, fortel advokaten til Jalal. – Den vesle løgna har følgt han i 20 år, seier advokat Ali Afshar.

Foto: Oddgeir Sæle / NRK

Amnesti: Eit nytt håp

I 2019 blei Solberg-regjeringa einige om å opprette ei eingongsløysing med amnesti for eldre, ureturnerbare asylsøkjarar.

Om lag 140 personar søkte, og 58 fekk løyve, ifølge utlendingsnemnda.

– Jalal var nok den første som søkte, fortel advokat Ali Afshar.

Ikkje før 2022 kunne Jalal senke skuldrene. Han fekk då eit avgrensa opphaldsløyve som må fornyast årleg.

Les også Den ulovlige sykepleieren

Sykepleier sitter på seng

Med det får han jobbe, men han må framleis bevise kven han er.

Jalal har fått tilbod om jobb to gongar den tida han har vore i Noreg, utan å kunne ta i mot.

I Førde livnærte han seg på å pante flasker, og hjelpte til der nokon trong det.

Norsken er sjølvlært.

I løpet av 20 år har ingen tilbydd han kurs.

Jalal held hendene på rekkverket og ser utover fjorden.

For at Jalal Ibrahimpour skal få leve eit normalt liv igjen vil han forsøke å få ut eit iransk pass som han kan legge ved når han skal fornye opphaldsløyvet.

Foto: Oddgeir Sæle / NRK

Får støtte

KrF-leiar Olaug Bollestad seier at amnesti skal gi eit fullverdig liv.

Partiet hennar var saman med Venstre forkjemparar for eingongsløysinga.

– For meg er det heilt naturleg at når folk får amnesti, så har dei fått opphald her og skal vere ein del av oss.

Seks parti har no lagt fram eit representantforslag om at regjeringa må legge fram ei ny eingongsløysing for lengeverande asylsøkjarar.

I forslaget ber dei om at dei som har fått opphaldsløyve, skal få same rettar som norske borgarar. Forslaget skal behandlast av kommunal- og forvaltningskomiteen.

Poenget med amnestiordninga er å gi opphaldsløyve til lengeverande, irregulære migrantar. Eit slikt løyve vil medføre at dei har rett til å ta arbeid, i tillegg til at dei får ein del helserettar, seier justispolitisk talsperson for Venstre, Ingvild Wetrhus Thorsvik.

Møter motbør

Saksordførar Erlend Wiborg (Frp) meiner det er eit «særdeles dårleg forslag».

Han er stortingsrepresentant og innvandringspolitisk talsperson for Frp.

– Det vil vere å påskjøne menneske som har brote norsk lov. Eg vil mykje heller bruke ressursane på dei som har eit reelt behov for vern og dei som er på flukt frå forfølging og krig, seier han.

Han meiner forslaget vil føre til at fleire oppheld seg i Noreg etter at dei har fått endeleg avslag på opphaldsløyve.

Det vil då vil bli attraktivt å opphalde seg ulovleg i Noreg.

Han legg til:

– Vi er generelt i mot å gje amnesti til menneske som har opphalde seg illegalt i Noreg.

Håper eit pass kan hjelpe

– Hovudregelen er at det krevst opphaldsløyve for å få jobbe i Noreg, fortel Ingrid Olram, fagleiar i UDI Beskyttelse.

Ho kommenterer på generelt grunnlag og seier at personar som får innvilga opphaldsløyve med grunnlag i eingongsløysinga for lengeverande asylsøkjarar også får retten til å jobbe.

Men det gjeld ikkje for begrensa opphaldsløyve.

For at Jalal Ibrahimpour skal få leve eit normalt liv igjen vil han forsøke å få ut eit iransk pass som han kan legge ved når han skal fornye opphaldsløyvet.

Men å få ferda ut eit pass er dyrt. I tillegg må han reise til Oslo for å vise dokumenta sine til ambassaden.

– Men kanskje vil problema mine vere over då, seier Ibrahimpour.