NRK Meny
Normal

- Ventetiden kan ikkje forsvarast

BRENNPUNKT: Garolin Nesarajah venta i fem og eit halvt år på å få vite om ho fekk bli i landet. Då avslaget kom, brende ho seg sjølv og sonen sin til døde. – Uforsvarleg lang saksbehandling, vedgår UNE-direktøren.

Garolin 1

Garolin Nesarajah og son hennar døydde i ein brann ho hadde starta sjølv.

Foto: Privat

16. januar i fjor braut det ut brann på Mølletunet i Førde, eit leilegheitskompleks brukt til bustad for asylsøkarane på Hero mottak i Førde.

Bjarne Morken var ein av dei første som kom inn i det røykfylte rommet.

– Eg kraup langs golvet, og kjende at det låg folk der. Då hadde det allereie vore folk inne og henta ut ein baby. Eg drog kvinna på dyna, ut av rommet og ut i friluft. Då såg eg at ho levde.

Bjarne Morken

Bjarne Morken var ein av dei som tok seg inn på asylmottaket og henta Garolin ut av det brennande rommet.

Foto: NRK

Bjarne Morken trudde han hadde vore med å redde eit liv. Men to dagar etter fekk han beskjed om at både kvinna og barnet var døde.

Starta brann

Garolin Nesaraja (24) og hennar knapt to år gamle son Rojgar døydde av brannskader på Haukeland sykehus i Bergen. Politiet i Førde slo raskt fast at det var mora sjølv som hadde starta brannen.

Men ingen har svaret på kvifor Garolin valde å avslutte livet, og ta med barnet sitt i døden. Fleire peikar på at ho vart deprimert då søstera Meera (18) vart funnen død heime på Sri Lanka, berre ei veke før UNE avslo anken hennar.

Men tragedien avdekka ei svært lang saksbehandling i det norske asylbyråkratiet.


To år og sju månader brukte Utlendingsnemda på å behandle anken til asylsøkaren frå Sri Lanka. Direktøren for Utlendingsnemda beklagar.

– Eg forsvarer ikkje den lange saksbehandlingstida. To år og sju månader i UNE, det er altfor lang tid, seier direktør Ingunn-Sofie Aursnes.

Barnesoldat

Vegen til ankeinstansen UNE var lang. Først brukte Utlendingsdirektoratet (UDI) eitt år og to månader på å avslå asylsøknaden. Så anka Garolin sin advokat vedtaket, denne gongen med ei heilt ny opplysing: Garolin fortalde at ho i eitt år hadde vore barnesoldat for tamiltigrane under den blodige borgarkrigen på Sri Lanka.

Då tok det over eitt år før UDI sende saka vidare til Utlendingsnemda. Der skulle det så ta to og eit halvt år før det endelege avslaget blei gitt.

Tilsaman venta Garolin Nesarajah i fem og eit halvt år på å få vite om ho fekk bli i landet. Gagrolin sin advokat, Kristine Aarre Hånes, seier det er sterkt kritikkverdig at utlendingstyresmaktene brukar fem og et halvt år på å avgjere ei sak om opphald.

– Det er umenneskeleg å ha livet sitt på vent og ikkje vite om ein får bli i landet eller ikkje.

Byråkratane venta

Av sakspapira frå UNE går det fram at samstundes som asylsøkaraen Garolin gjekk og venta på ei avklaring, sat byråkratane og venta på brev frå kvarandre. Seks månader venta saksbehandlaren i UNE på at politiet i Bergen skulle sende ein rapport om ei menneskehandelsak som Garolin Nesarajah hadde meldt til politiet.

– Kvifor aksepterte de å vente i seks månader på rapporten?

– Eg har ikkje noko godt svar. Det er for lenge, seier Aursnes.

Ho ber no saksbehandarane bli flinkare til å purre på andre etatar som er involverte i saksbehandlinga.

– Vi må få ned liggetida på sakene, og må få klare rutiner for å purre på henvendingar vi gjer.

Blei ikkje trudd

Garolin Nesarajah 2

Garolin Nesarajah vart ikkje trudd på at ho hadde vore barnesoldat på Sri Lanka.

Foto: Privat

Garolin Nesarajah blei ikkje trudd på at ho hadde vore barnesoldat. UNE fann ikkje samsvar med detaljane ho oppgav og informasjonen dei sjølv hadde om tilhøva i landet. Eit brev frå UNICEF, som stadfesta at Garolin hadde vore rekruttert av tamiltigrane, hjalp heller ikkje. Dokument frå Sri Lanka er vanskeleg å etterprøve, slo nemda fast. Og avslo anken.

– Kvifor sjekka de ikkje med UNICEF på Sri Lanka om brevet var ekte?

– Fordi det aldri var tvil om brevet var ekte. Det var innhaldet i brevet vi ikkje festa lit til. Der står det at ho var medlem av LTTE, ikkje barnesoldat.

Aursnes seier opplysningane frå UNICEF ikkje støtta Garolin si forklaring om at ho hadde vore aktiv militær for LTTE og dermed var i fare ved ein retur, seier Aursnes.

Reza Hosseini, som er sjef for UNICEF på Sri Lanka, stadfestar at Garolin Nesarajah stod på lista deira over barnesoldatar i LTTE. Opplysningane er gitt av familien hennar, og stadfesta av UNICEF sine folk i Jaffna.

– Dette er informasjon som baserer seg på møter mellom våre folk og familien, eller barnesoldaten sjølv, seier Hosseini til NRK.