Hopp til innhold

Yemane Teferi (54) har blitt flytta rundt på asylmottak i 22 år

Mange asylsøkjarar blir sitjande i fleire år på mottak utan å vite kva framtida bringer. Yemane Teferi (54) har vore 22 år på asylmottak i Norge og Sverige.

Yemane Teferi

OPPGITT: 54-år gamle Yemane Teferi har vore 22 år på forskjellige asylmottak i Sverige og Norge.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg er ikkje kriminell og eg har ikkje gjort noko gale, seier mannen frå Eritrea oppgitt.

For den eritreiske asylsøkjaren sniglar kvar dag seg av garde. Etter å ha blitt flytta rundt på forskjellige asylmottak i Sverige i 9 år kom han til Norge. Her har han vore i 13 år. Dei siste åra har han budd på mottaket i Jølster og på det vesle rommet sitt veit han aldri kva morgondagen bringer.

– Eg er berre asylsøkjar, men likevel har eg måtte leve slik i 22 år, seier Yemane.

Venta i 17 år på avslag

Og Yemane er ikkje åleine om å leve slik. Mange asylsøkjarar blir sitjande i fleire år på mottak før dei får svar på søknaden sin om opphaldsløyve. UDI og utlendingsnemna klarar nemleg ikkje å få ned behandlingstida i mange saker.

For Yemane gjekk det 17 år. I 2007 fekk han endeleg avslag, men framleis sit han på eit norsk mottak. Årsaka er at han er ein papirlaus flyktning som ikkje kan sendast tilbake til heimlandet fordi han er i opposisjon til partiet som styrer landet.

– Eg veit ikkje kva som skjer i morgon. Kanskje blir det betre, kanskje blir det verre, seier han.

Han veit ikkje lenger kva han skal tenkje om morgondagen etter å ha blitt flytta rundt på ei rekkje mottak i Norge. Etter at det brann på ventemottaket i Lier i 2010 mista han alt han eigde. Så måtte han igjen flytte til ein ny stad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brann i Førde

OMKOM: Ei 24-år gamal kvinne og den snart to år gamle sonen hennar døydde etter brannen på Mølletunet i Førde sist veke.

Foto: Ole Andre Rekkedal/NRK

Krev svar frå ministeren

Debatten om lang ventetid for asylsøkjarar har blussa opp att etter at ei 24 år gamal tamilsk kvinne og sonen hennar døydde etter ein brann i Førde sist veke. Etter å ha venta på svar på søknaden i fem år fekk ho endeleg avslag.

Nokre dagar seinare brann det i huset der ho budde, og politiet meiner det var kvinna sjølv som tende på.

Hendinga har mellom anna ført til at leiarkandidat i SV, Heikki Holmås krev ei utgreiing frå justisministeren. Han er skaka over hendinga og meiner noko må gjerast straks for å betre situasjonen for å betre tryggleiken for born som har vore lenge i asylmottak.

Svært prega av ventetida

Grete Apelseth

AVMAKT: Mottaksleiar Grete Apelseth seier mange asylsøkakjarar blir fylte med avmakt når dei må vente lenge på svar.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

For dei som bur på asylmottaket i Jølster har dødsbrannen i nabokommunen prega mange av bebuarane. Leiinga ved asylmottaket har sagt at dei vil vere ekstra merksame og følgje nøye med når bebuarar får avslag.

Mottaksleiar Grete Apelseth, seier lang ventetid går hardt utover livsgleda til asylsøkjarane.

– Dei opplever det som om dei ikkje eksisterer. Som Yemna seier, det er som han ikkje finst, seier Apelseth.

Vil ha maksgrense på tre år i mottak

For asylsøkjarar som berre blir sitjande på eit mottak kjenner seg makteslause i forhold til situasjonen sin, fortel Apelseth. Som for Yemane, har mange ikkje mykje å leve for. Han har ikkje lov å arbeide og med 980 kroner for kvar andre veke har han ikkje mykje å fylle dagane med.

– Mange opplever at dei ikkje har moglegheit til å halde seg sjølv aktive. Dei har ikkje sjanse til å ha eit sunt kosthald eller delta på aktivitetar. Dette er berre med på å forverre situasjonen deira, seier Apelseth og legg til:

– Det burde ha vore ei maksgrense på at asylsøkjarar kan vere tre år i mottak.

(Artikkelen held fram under biletet)

Yemane Teferi

USIKKER: Yemane Teferi lever i håpet om at kvardagen skal snu til det betre.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Vil ikkje love opphald etter lang ventetid

For stor innvandring og for lang behandlingstid i kvar enkelt sak. Slik forklarar leiaren i justiskomiteen dei lange køane. Per Sandberg, som også er nestleiar i Framstegspartiet, meiner det er fleire moglege løysingar på å få bukt med problemet.

– Vi kan få 48 timar eller tre dagars behandling, alt etter kva land asylsøkjarane kjem frå. Dette er blitt gjort i andre land og har vore vellukka, og vi har også delvis gjort det i Norge, med suksess, seier Sandberg.

Per Sandberg

VIL HA RASK BEHANDLING: Leiar i Justiskomiteen, Per Sandberg vil ha raskare saksbehandlingstid.

Foto: Helge Tvedten/NRK

Men for Yemane hjelp det ikkje om behandlingstida går ned no. Han har allereie fått svar, men kan ikkje returnerast og har no bak seg 22 år i mottak i Sverige og Norge. På spørsmål om det i slike tilfelle kan vere aktuelt å gje opphaldsløyve til menneske som har blitt integrerte svarar Sandberg slik.

– Det kan vi ikkje gjere. Dette vil gje eit signal om at dersom folk er flinke nok til å trenere framdrifta i saka si, som er flinke til å halde identiteten sin skjult eller til å setje seg imot frivillig utsending, så vil dei få opphald. Det signalet kan vi ikkje akseptere. Det vil bety ytterlegare tilstrøyming av nye asylsøkjarar, seier Sandberg.

Lever i håpet

Tilbake på mottaket i Jølster har Yemane lite å fylle dagen med. Han går mykje tur, men 54-åringen vil aller helst at livet ein dag skal ta ei ny vending.

– Kanskje ein dag vil alt snu? I dag, i morgon. Eg lever i håpet, seier han.