Ho seier ho i si tid som mottaksleiar opplevde to tilfelle der personar som hadde fått avslag, freista å ta sitt eige liv.
– Det er vanskeleg å snakke om dei, for dette handlar om einskildpersonar som gjorde det dei kunne for å forlate denne verda, både seg sjølv og barna sine, men vi oppdaga det i godt tid og fekk avverga det.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
– Kvifor gjer unge folk slikt?
På Vassenden i Jølster såg Richter korleis eit avslag på ein opphaldssøknad etter år i mottak kunne få folk til å ty til desperate handlingar. I Jølster klarde dei tilsette på mottaket å avverge to sjølvmord. Ho etterlyser no ei tettare oppfølging av asylsøkarar som får avslag etter kanskje fleire år i mottak.
– Det gjer veldig inntrykk at det ofte er yngre folk som gjer slikt, for kvifor gjer unge folk slikt? Du får perspektiv på sjølve asylpolitikken.
For 14 dagar sidan omkom ei ung kvinne og sonen hennar i ein brann i Førde. Politiet meiner ho sjølv starta brannen. Kvinna hadde nyleg fått avslag på asylsøknaden etter fem år i Norge.
– Går nøye gjennom
Atle Berge er regionleiar i UDI og ansvarleg for mottaka på Vestlandet. Han seier han forstår at det er ein del saker på mottaka som er svært vanskelege.
– Saka i Førde er djupt tragisk. Det er normalt etter slike saker at vi går nøye gjennom og evaluerer dei i møte med mottaksleiarane for å sjå om det er noko vi kan bli endå betre på.