Hopp til innhold

For to veker sidan mangla asylantane mat - no kjem bygdefolket med kasse på kasse

For to veker sidan hadde Jølster Asylmottak problem med å få nok mat, og fleire bebuarar var underernærte. No kjem bygdefolket med store mengder mat til asylmottaket.

Created by InfoDispatcher

SJÅ TV-SAKA: No gir lokalsamfunnet kasse på kasse med mat til asylmottaket. For to veker sidan hadde dei knapt mat. Foto/Redigering: Steinar Lote/Johan Moen

Eirik Hjelmbrekke kjem med mat asylmottal

HJELPER TIL: Dei treng ikkje ha uverdige forhold, seier butikksjef ved Spar Jølstraholmen, Eirik Hjelmbrekke.

Foto: Steinar Lote / NRK

Etter at lokalsamfunnet i Jølster høyrde at dei som bur på asylmottaket svelt, har dei gitt kasse på kasse med hjelp. Også lokalbutikken gir det dei har til overs.

– Folk i ein vanskeleg situasjon treng ikkje ha uverdige forhold. Dei kan godt få lov til å leve under verdige forhold, seier Eirik Hjelmbrekke, butikksjef ved Spar Jølstraholmen.

For dei som har fått endeleg avslag på asylsøknaden får berre 2000 kroner i månaden å leve for. No får dei i alle fall eitt ekstra varmt måltid.

– Det er fint. Dei kjem og besøker oss, og ser korleis vi har det. Og det er vi takknemlege for. Det er fint, seier asylsøkar, Endashow Tsegay.

(Artikkelen held fram under biletet)

Asylmottak Jølster
Foto: Steinar Lote / NRK

Maten kjem til nytte

Hjelmbrekke seier at dei ønskjer å gje vekk maten som dei elles ville ha kasta.

– Vi synest at mat skal etast og ikkje kastast. No har frivilligsentralen kome med initiativ til å formidle mat og fordele den ut til dei trengande. Vi sparar både samfunnet og oss for svinn og maten kjem til nytte, seier han.

For tre veker sidan fortalde NRK korleis Tsegay med nesten tomt kjøleskap ofte gjekk svolten.

– Du får ikkje det du trenger. Du føler deg svolten, og det er ukomfortabelt, sa han den gong.

Tsegay er takknemleg for at jølstringane no kjem med mat til dei, men at dette ikkje er nok. Han meiner dei må få meir i månaden enn dei 1960 han får no.

– Om regjeringa hadde gjort noko for oss, hadde det vore betre, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jølstringane kjem med mat til asylmottak

TAKKSAM: Endashow Tsegay tykkjer det er flott at jølstringane kjem med mat og lagar mat med dei.

Foto: Steinar Lote / NRK

Underernærte asylantar

Det er no 5700 menneske på asylmottak som ventar på å bli sendt ut av landet. I Jølster er det berre ti, men to av dei har fått legeerklæring på at dei var underernært.

Mottaksleiar, Grete Apelseth, seier det er ei skam for det norske samfunnet, og at det er pinleg.

– Det seier seg sjølv at du kan ikkje klare å få i deg nok riktig mat på 1960 kroner.

Rakel Apneseth

STILLER OPP: Rakel Apneseth, leiar ved Jølster Frivilligsentral.

Foto: Steinar Lote / NRK

Responsen var veldig labar til og begynne med, men no lager asylantane middag saman med frivillige frå Jølster. Målet er å få plass ei permanent ordning, ein gong i veka.

– Det som betyr minst like mykje no som responsen i forhold til mat, er besøket dei har hatt på mottaket den siste tida. Det sosiale er veldig viktig. No lagar vi mat i lag og lærer av kvarandre, seier Apalseth.

Regjeringa må på bana

– Så lenge det er folk som har behov for at vi som medmenneske og medjølstringar kjem inn og hjelper dei, så stiller ein jo opp, seier Rakel Apneseth, leiar ved Jølster Frivilligsentral.

Asylantane kan legge seg mette denne kvelden, men mottaksleiar Apelseth meiner dei må få meir enn 1960 kroner, for å leve eit verdig liv medan dei ventar.

– Det er ikkje nok for resten av framtida. Så her må regjeringa på bana og endre satsane som asylsøkarar med endeleg avslag får.

Grete Apelseth mat til mottaket

MAT TIL MOTTAKET: Mottaksleiar Grete Apelseth seier det betyr mykje å få mat, men at regjeringa må på bane og endre satsane til asylsøkarane.

Foto: Steinar Lote / NRK