NRK Vestland

Hopp til innhold

Siste nytt

  • Sjå Vestlandsrevyen 19.30

    Statsministeren ber folk følge med etter at PST avdekka det dei meiner er fiendtleg etterettning fleire stader i vest.

    Programleiar er Jan Børge Leirvik.

    Programleiar: Jan Børge Leirvik
  • Brann i hytte på Voss

    Brannvesenet melde fredag kveld at dei rykka ut til ein brann på Voss. Det brann i ei hytte i Langedalsvegen.

    – Full fyr i tak, skreiv brannvesenet på X.

    Kort tid etter melde politiet at det ikkje var meldt om nokon skadde personar: Personane som var i hytta har kome seg ut.

    Brannvesenet sende inn røykdykkarar, og det vart stadfesta at hytta var tom.

    Det skal framleis brenne i ein vegg, og brannvesenet skal ha kontroll på brannen. Politiet opprettar sak.

  • Fjordkraft betalar Brann si UEFA-bot

    Brann-sponsor Fjordkraft vil dekke alle utgifter klubben fekk etter dei blei bøtelagt av Uefa, melder TV 2.

    Brann fekk ei bot på 5000 euro etter at supporterane ropte «Uefa mafia» undervegs i Champions League-møtet med St. Pölten. Dei fekk ny bot i kvartfinalen mot Barcelona då det blei halde opp banner med same bodskap.

    Etter Brann anka, er bøtene og kostnadane på rundt 11.000 euro, eller 120.000 kroner.

    TV 2 skriv at dersom fansen skulle gjenta bodskapet slik at det blir fleire bøter, så er det ikkje bestemt kva sponsoren vil gjere.

  • Grasbrann på Søfteland

    Naudetatane rykte i 17-tida ut til grasbrann på Søfteland i Bjørnafjorden.

    Det brann i ei skråning i Ulvenvegen. Brannvesenet på staden melde om opne, høge flammar.

    Klokka 17.24 hadde brannvesenet kontroll på brannen, og det var ikkje behov for evakuering av bebuarar i området.

    Politiet har meldt på X at dei har kontroll på ein person som er mistenkt for å ha starta brannen ved å tenna på noko gras.

    Klokka 19.03 melde politiet at naudetatane var ferdige på staden og at politiet opprettar sak.

    Grasbrann Søfteland
    Foto: Lars Christian Wallace / NRK
  • Fotgjenger påkjørt på Tysnes

    Nødetater rykker ut etter melding om en trafikkulykke ved Uggdal på Tysnes. En fotgjenger har blitt påkjørt av en personbil, ifølge politiet.

    Fotgjengeren skal være våken og ved bevissthet, men det er foreløpig uvisst skadeomfang. Vedkommende får hjelp av lege på stedet.

    Fylkesvei 549 er stengt ved Uggdal kirke som følge av ulykken.