Hopp til innhold

Risikerer å måtte stenge skular – ber studentar og pensjonistar melde seg

Stavanger kommune ser ikkje vekk frå at fleire skular og barnehagar må stenge på grunn av mangel på folk. Det er alvorleg mangel på vikarar, ifølgje kommunen.

Vikarmangel på skoler i hele landet. Her på Auglend skole i Stavanger.

VIKARMANGEL: Denne Stavanger-skulen har hatt problem med å få nok vikarar. Ein dag NRK besøkte Auglend skole i november, var 20 tilsette heime grunna sjukdom eller symptom.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Smittetrykket i skulane aukar. I Stavanger gjekk dei måndag over til gult nivå, og det er fleire andre kommunar i fylket som har gjort det same.

I Bergen bestemte dei at skulane kunne ta juleferie tidlegare enn planlagd. Det same vil skulesjefen i Bærum.

Før helga blei det kjent at skulane i Ålesund allereie tar ferie tidlegare enn planen, og i fleire kommunar ønska dei seg det same.

Stavanger er blant kommunane som treng fleire vikarar for å kunne halde skular og barnehagar opne.

Skular kan bli stengt

– Viss me ikkje får tak i fleire folk, kan resultatet bli at enkelte skular og barnehagar må bli stengt og at barna blir sende heim, seier skulesjef i Stavanger Jørn Pedersen.

Grunnen til vikarmangelen er høgt sjukefråvær på toppen av koronasmittesituasjonen. Kommunen kallar mangelen alvorleg i oppmodinga dei la på heimesidene sine.

I FHI sin siste vekerapport slo dei fast at smitta per 100.000 innbyggjar er høgast i aldersgruppene 6–12 og 13–19 år.

Regjeringa har varsla nye koronatiltak måndag. Det er ikkje kjent om det kjem tiltak som gjeld skular og barnehagar.

Skolesjef i Stavanger Jørn Pedersen.

TRENGER VIKARAR: Skolesjef i Stavanger, Jørn Pedersen, håper at mange melder seg til å vera vikar i skular og barnehagar.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Kommunen ber derfor nå studentar, pensjonistar og andre til å melde seg. Sjølv dei utan relevant utdanning.

– Dei som har lyst og tid til å jobbe med barn og unge, kan melda seg, seier skulesjefen.

Rektor vil ha heimeskule

Kirsti Birkevold er rektor ved Vardenes skule i Stavanger. Skulen opna på gult nivå måndag morgon, men rektor kunne tenkt seg at det var endå strengare.

– Det eg synest er tyngst, er det å måtte sende dei som jobbar på skulen inn i denne smittebomba utan å kunne verne seg sjølv, seier ho.

Gult nivå ved skular i Stavanger. Her frå Vardenes skule.

GULT NIVÅ: Frå måndag er alle skular i Stavanger på gult nivå. For elevar og lærarar ved Vardenes skule betyr det at meteren, kohortane og tildelte område i skolegarden er tilbake.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Birkevold fortel om ein særs krevjande situasjon for tida. Stadig må ho melde frå til grupper av foreldre om smitte på skulen. Stadig må elevane teste seg på skulen.

Ho skulle ønske dei kunne hatt heimeskule.

Rektor ved Vardenes skule i Stavanger, Kirsti Birkevold.

KREVJANDE: Rektor ved Vardenes skule i Stavanger, Kirsti Birkevold, skulle ønske det var strengare smittevernreglar på skulen.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Eg skulle ønske det på dei trinna kor det er mykje smitte. Men det får vi ikkje lov til med første til fjerde trinn, seier ho.

Viss skulen i det heile tatt greier å halde opent fram til juleferie, ser ho ikkje vekk frå at ho sjølv kjem til å feire jula som koronasmitta.

Det er gult nivå på skulane fleire stader i landet, men Utdanningsdirektoratet har ikkje ein samla oversikt over alle nivå i alle kommunar.