Hopp til innhold

Spansk selskap slår tilbake: – Vegvesenet kan ikkje heve kontrakten

Ryfast er framleis utan bompengar etter at Vegvesenet heva kontrakten med dei som skulle levere innkrevjingsløysinga. Nå meiner selskapet det ikkje var grunnlag for å heve kontrakten.

Ingen bompengeinnkreving i Ryfast, her fra Ryfylketunnelen på Strand-siden

GRATIS: Det har i fleire månader vore gratis å køyre gjennom Ryfast-prosjektet i Stavanger og Strand. Vegvesenet har sagt opp kontrakten med dei som skulle levere bompengeinnkrevjingsløysinga.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Vi meiner systemet er klart til bruk, og at det ikkje er misleghald frå Tecsidel si side, seier Ole Tokvam, advokat hos Bing Hodneland.

Han representerer spanske Tecsidel. Selskapet skulle ha levert innkrevjingsløysinga i Ryfast. 13. august heva Vegvesenet kontrakten med Tecsidel. Kontrakten har ein verdi på 10 millionar kroner.

Ryfast består av to tunnelar i Stavanger og ein over 14 kilometer lang undersjøisk tunnel til Strand. Prisen var 11,8 milliardar. Meir enn halvparten er finansiert med lånte pengar. Lånet skal betalast ned med bompengar.

10 millionar i rente kvar månad

Kvar månad er det 10 millionar kroner i rente på lånet. Men sidan den offisielle opninga i april har det ikkje kome inn ei einaste bompengekrone.

Viss løysinga for å krevje inn hadde vore på plass, kunne Ryfast fått inn 27 millionar i månaden, ifølgje Stavanger Aftenblad.

Ryfylketunnelen fra Hundvågsiden

RYFAST: Består av Ryfylketunnelen, som er 14,3 kilometer lang. Tunnelen går mellom Hundvåg i Stavanger og Solbakk i Strand. I tillegg omfattar prosjektet Hundvågtunnelen mellom fastlands-Stavanger og bydelen Hundvåg og Eiganestunnelen under bydelen Eiganes.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

NRK har fleire gonger bede spanske Tecsidel å kommentere påstandane frå Vegvesenet, men ikkje fått svar.

Fredag sende advokatselskapet eit brev til Vegvesenet på vegner av Tecsidel. I brevet peikar dei på at Vegvesenet ikkje hadde rett til å heve kontrakten.

– Tecsidel SA er positive til ein dialog med Statens vegvesen for å finne ei snarleg løysing slik at systemet blir tatt i bruk og innkrevjing kan starte, seier Tokvam.

Unøyaktige kamera og blits som ikkje toler vatn

Advokaten vil ikkje seie noko meir om kva det står i brevet, men legg til at dei håpar å komme fram til ei løysing med Vegvesenet.

Vegvesenet har heva kontrakten på grunn av det dei kallar «vesentlege forseinkingar» og «for dårleg kvalitet». Mellom anna har ikkje kameraa som skal lese bilskilt vore nøyaktige nok. Blitsen er heller ikkje vasstett, ifølgje Vegvesenet.

Problema blei avdekka alt i desember i fjor, like før den lengste tunnelen, undersjøiske Ryfylketunnelen, opna. Heller ikkje då Hundvågtunnelen og Eiganestunnelen opna i april, var systemet klart.

Per Roald Andersen er avdelingsdirektør i Statens vegvesen. Han stadfester at dei har fått eit brev frå Tecsidel.

– Vi vil bruke helga på å sjå grundigare på brevet, og korleis vi skal svare på det, seier han til NRK.