Hopp til innhold

Noregs største vegprosjekt Ryfast er opna på internett

STAVANGER (NRK): Endeleg er Ryfast opna. Ikkje helt som planlagt med stor festivitas, men med samferdselsministeren som klypte snora frå kontoret i Oslo

Samferdselsminister Knut Arild Hareide klipper Ryfast-snora.

Det var ei skikkeleg snor samferdselsminister Knut Arild Hareide klypte frå kontoret sitt i Oslo då han opna Ryfast.

Foto: Henrik Jonassen / Samferdsesldepartementet

Verda forandra seg plutseleg for Terje Vallestad då Ryfast-prosjektet blei sett i gong for seks år sidan.

– Eg har hatt sju forskjellige inngangar og parkeringsplassar til huset. Eg har klatra mellom tre forskjellige gjerde, og det har til tider vore umogleg å få fram posten, seier Terje Vallestad.

Han eig huset som ligg midt i rundkøyringa på Madlaveien i Stavanger, der Ryfast-utbygginga har herja i ei årrekke. I periodar har han ikkje kunna bu heime. Sprengingsarbeidet har gitt kjensla av å bu i eit jordskjelvområde.

Terje Vallestad har bodd midt i utbyggingen av Ryfast-prosjektet

FORANDRINGAR: Den største forandringa for Terje Vallestad var då det blei sett opp ein sju meter høg vegg framføre stovevindauget hans.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Nå ser han fram til ein rolegare kvardag. Og roleg blir til og med sjølve opninga, for koronakrisa gjer at den planlagde folkefesten er avlyst.

DIREKTE KL. 14: Ryfast opnar Klokka 14.15 onsdag. Frå klokka 14 kan du sjå NRK si direktesending frå opninga.

– Det blir heilt spesielt med digital vegopning. Det hadde eg ikkje sett føre meg då eg blei samferdselsminister for tre månader sidan, humrar Knut Arild Hareide (KrF).

30. desember i fjor opna verdas lengste undersjøiske vegtunnel, Ryfylketunnelen, mellom Strand i Ryfylke og Hundvåg i Stavanger. Planen var å opna dei to Stavanger-tunnelane, Hundvågtunnelen og Eiganestunnelen, samtidig.

Men tidkrevjande testing av tryggingssystem og korona utsette den offisielle opninga heilt til i dag. Og heller ikkje vegopningar får unntak frå restriksjonane.

Det betyr at samferdselsminister, ordførarar og fylkesordførar deltar på video. Ifølge Statens vegvesen er dette Noregs første elektroniske vegopning.

– Det blir litt vanskeleg med snorklipping på video frå Oslo, Hareide?

– Ja, det blir det. Men det eg saknar mest, er å treffa folka og prosjektleiinga som har gjennomført eit fantastisk prosjekt. Det er unikt i verdssamanheng, og eg skulle gjerne vore der og takka dei.

Nytt trafikkmønster i Stavanger-området

Den 14,3 kilometer lange Ryfylketunnelen gjer at du kan køyra frå Solbakk i Strand til øya og bydelen Hundvåg i Stavanger på elleve minutt.

 Knut Arild Hareide

Knut Arild Hareide er klar for digital opning.

Foto: Samferdselsdepartementet

Vegnettet over øya og inn i Stavanger sentrum har samstundes vore ein flaskehals. Men onsdag er det slutt. Når Hundvågtunnelen opnar, kan du køyra mellom Strand og E39 i Stavanger på 15 minutt. Før tok ferja mellom Tau og Stavanger 40 minutt.

Saman med den tredje tunnelen, Eiganestunnelen, bidrar prosjektet til at mykje av sentrumstrafikken i Stavanger nå går under jorda.

– Nå har me bygd tunnelar i over sju år. Då skal det blir veldig kjekt å få opna dei siste to. Dette er det største og mest komplekse vegprosjektet som er bygd i Noreg, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Gunnar Eiterjord.

Ryfast

HISTORISK VEGOPNING: Klokka 14.15 opnar Ryfast-prosjektet som er Noregs største vegprosjekt.

Foto: Statens vegvesen

– Dette er etterlengta og vil gjera reisekvardagen enklare både for folk og næringsliv i og rundt Stavanger, supplerer samferdselsminister Hareide.

Dødsulukke og forureining

Vegprosjektet til 12 milliardar kroner har skapt overskrifter undervegs, frå dei djupt tragiske til dei meir venta.

Ryfast-sjefen seier det ikkje berre kan vera solskinshistorier frå eit så stort prosjekt.

– Me har hatt nokre utfordringar, men i sum har det meste gått veldig bra. Me har kome i mål på kostnad, tid og kvalitet me er fornøgde med, seier Eiterjord.

Åpning av Ryfylketunnelen

Her opnar Ryfylketunnelen 30. desember 2019. Nesten fire månader seinare opnar dei to andre tunnelane i Ryfast-prosjektet.

Foto: Magnus Stokka / NRK

I snart fire månader har folk køyrd Ryfylketunnelen gratis mellom Solbakk og Hundvåg. Planen var å starte bompengeinnkrevjing når heile prosjektet var opna, men dette blir utsett endå litt.

Testing av innkrevjingstutstyret er forseinka på grunn av koronasituasjonen, ifølge Vegvesenet.

For vanleg personbil med autopass-brikke vil det kosta 134 kroner gjennom heile Ryfast. Det blir halv pris på elbilar (67 kroner).

Ryfast