Hopp til innhold

Vrakar batteri og går for diesel

Ekspertane vågar ikkje å satse på batteriteknologien for den nye bussvegen på Nord-Jæren. – Først skal me køyre 10 år på biodiesel, seier prosjektsjefen.

To bussveg-bussar frå Metz i Frankrike. Dei er hybridbussar som går på diesel/elektrisitet

I Metz i Frankrike har dei hybridbussar, som går på diesel og elektrisitet.

Foto: PG Andersson / Trivector

– Me vurderer ikkje batteriteknologien til å vera mogen nok for dei strenge krava som er nødvendig for bussvegen. Den skal frakta 20–30 000 passasjerar dagleg og rutene er veldig lange.

Tore Jensen

Tore Jensen er prosjektleiar hos Rogaland fylkeskommune for Bussveien på Nord-Jæren.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK

Dette seier Rogaland fylkeskommune sin prosjektleiar for Bussveien på Nord-Jæren, Tore Jensen.

Samferdslesjefen rår derfor fylkespolitikarane til å gå inn for 10 år med biodiesel- eller biogassdrift før dei går over på batteriteknologien. Samstundes gravlegg fagekspertane trolleybussteknologien.

Batteri er for usikkert

Bussvegen på Nord-Jæren kjem til å strekke seg over meir enn 50 kilometer frå Risavika i Sola og til Vatnekrossen i Sandnes, når alle strekningane står ferdige.

Lang leddbuss frå Skåne i Sverige.

Denne gass-elektriske leddbussen går i bussvegen i Malmø.

Foto: Rogaland fylkeskommune

Den delen som skal gå langs fylkesveg 44, skal etter planen opnast for trafikk på slutten av 2021 eller i løpet av 2022.

Men det hjelper ikkje at det alt er elektriske bussvegar i Eindhoven i Nederland og på fleire andre stader i Europa. På Nord-Jæren bør oppstarten skje med biodiesel eller biogass, meiner prosjektleiaren.

– Når det gjeld dei andre forsøka rundt i Europa så er det ruter som er kortare enn på bussvegen vår. Det er kombinasjonen av lange ruter, store bussar og full drift frå dag ein, som gjer at me ikkje vågar å gå får batteriteknologi, seier Jensen.

Krav om nullutslepp

Det er fylkespolitikarane i Rogaland som skal avgjere om det blir diesel eller straum, og den avstemminga skjer i Fylkestinget, komande tysdag.

Heidi Bjerga

Heidi Bjerga meiner at nullutslepp er den beste løysinga.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Heidi Bjerga frå SV minner om at eit klårt fleirtal er for ei utsleppsfri løysing.

– Eg tenkjer at dette er altfor passivt når målsetjinga er nullutslepp heilt frå starten, seier Bjerga.

Ho minner om at 10 år med dieseldrift, lett kan bli til 20 år og seier at dersom det er storleiken på bussveg-bussane som gjer dei ueigna til batteridrift, så kan ein heller satse på mindre, men fleire elektriske bussar i staden.

– Målsetjinga vår om nullutslepp. Den fana skal me halda høgt, seier Bjerga.