Hopp til innhold

Lover nattog til København – men ikkje før i 2030

I 2030 skal Noreg ha nådd klimamåla sine. Og nå har Stortinget vedtatt at du skal kunne reise med nattog frå Oslo til kontinentet frå same år.

Ingrid Skarsvåg (t.v.) og Ailin Skarsvåg Lepe skal på interrail i Europa.

INTERRAIL: Ingrid Skarsvåg (til venstre) og Ailin Skarsvåg Lepe skal på togtur i Europa.

Foto: Kristian Skådalsmo / NRK

På Oslo Sentralstasjon er eitt av mange dagtog til Göteborg klart for avgang.

Med sekk på ryggen og Europa i blikket går Ingrid Skarsvåg og Ailin Skarsvåg Lepe om bord. Togreisa, som skal ta dei til Nord-Italia, starta i heimbyen Bergen.

– Vi skal på interrail, til Italia. Først reiser vi til København, og så via Hamburg til Verona, og så ser vi det litt an, seier dei to før avreise.

Dei meiner det hadde vore fint med nattog til København.

– Vi har jo komme heilt frå Bergen, så det er det strekket ned til Europa som er litt tungvint, kanskje. Det er jo kjekt at du berre vaknar opp, og så er du der du skal vere, seier dei.

Ingrid Skarsvåg klar for første etappe på interrail-turen.

Ingrid Skarsvåg klar for første etappe på interrail-turen.

SVs Torgeir Knag Fylkesnes (t.v.) og togentusiast Kristian Skjellum Aas på Oslo S.

SVs Torgeir Knag Fylkesnes (t.v.) og togentusiast Kristian Skjellum Aas på Oslo S.

Foreløpig ikke helt enkelt å reise fra Oslo til Hamburg med tog.

Foreløpig ikke helt enkelt å reise fra Oslo til Hamburg med tog.

– Marsjordre

På 1980 og -90-talet gjekk det to dagtog og eitt nattog direkte frå Oslo til København. Men sidan 2005 har det berre gått tog frå Oslo til Göteborg. Der må ein byte til svenske tog mot København.

Nå har SV gått gjennomslag for at det igjen skal bli nattog til kontinentet.

– Dette er ein marsjordre til regjeringa om å sette i gang arbeidet med å realisere nattog til København og Hamburg, seier nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes.

– Det vil kreve ganske store investeringar, men innan 2029 skal dette vere på plass, seier han.

Regjeringa må starte arbeidet med å gjennomføre vedtaket i løpet av året.

Jernbanedirektoratet konkluderer i ei utgreiing frå 2021 med at det er eit marknadsgrunnlag for eit nattogtilbod mellom Oslo og København.

Direktoratet peiker på at mange reiser med fly mellom dei to byane, og at det er sannsynleg at mange som i dag reiser med fly, vil ha eit ønske om å nytte seg av eit meir miljøvennleg nattogtilbod.

– Dette blir dyrt?

– Ikkje spesielt dyrt i norsk samanheng. Det er snakk om nokre ekstra vogner for å få dette til, men det avhjelper all annan trafikk enormt, seier Fylkesnes.

Togentusiast Kristian Skjellum Aas (t.v.) og SVs Torgeir Knag Fylkesnes på Oslo S.

TOGENTUSIASTAR: Kristian Skjellum Aas (til venstre) og Torgeir Knag Fylkesnes i SV på Oslo S.

Foto: Kristian Skårdalsmo / NRK

– Det går masse fly og bussar til København, kvifor skal ein absolutt ha tog også?

– Tog er den mest miljøvennlege transportforma vi har. Ingenting slår jernbane. Det er energieffektivt og positivt for klimaet.

– Dette skal vere på plass innan 2030, men det er to val før 2030. Kva er eigentleg dette løftet verd?

– Det er lange innkjøpsprosessar, og dei inngår ein nå. Kjøpar du noko i dag, så står det ikkje klart før det har gått nokre år. Så plutseleg er 2029 og 2030 der. Men vi jobbar for å få det realisert så fort vi kan.

Ailin Skarsvåg Lepe (t.v.) og Ingrid Skarsvåg skal på interrail i Europa.

KONTINENTET: Ailin Skarsvåg Lepe (til venstre) og Ingrid Skarsvåg skal på interrail i Europa.

Foto: Kristian Skårdalsmo / NRK

Enklare løysing?

Med til Oslo S er også togentusiast Kristian Skjellum Aas. Facebookgruppa hans Togferie har nesten 70.000 medlemmer. Han liker planen om nattog til København.

– Samtidig vil eg gjerne utfordre SV til også å sjå på moglegheiter for dagtog til København, som jo vil ta mange fleire passasjerar.

– Men må dette ta seks år?

– Det må ikkje nødvendigvis ta seks år, men det er veldig lite nattogmateriell tilgjengeleg i Europa, fordi nattog har blitt kjempepopulært. Det er ikkje berre å leige nokre nattogvogner og sette opp eit sånt tog, fordi dei er allereie i bruk.

Les også Fulle linjer: Her er det ikke plass til flere tog

Kongsvingerbanen - et tog med grønn bakdel står på jernbanelinjer foran kameraet. jernbanesporet deler seg til to ulike spor i midten av bildet. På sidene er høye master med strømledninger og grønn skog. I bakgrunnen er et høyt grønt fjell.

Skjellum Aas slår eit slag for å tenke alternativt frå norsk side ved å hekte seg på nattoga som allereie går frå Sverige via Danmark til Tyskland.

– Her er det moglegheiter for å gjere ting litt enklare enn det å sette opp eit heilt nytt norsk nattog mellom Oslo og København, seier han.

Togkjennaren meiner Noreg er eit utviklingsland når det kjem til jernbane.

– Vi gløymde å pusse opp jernbanen vår på 1960-, 70-, 80-talet. Derfor er vi i bakevja i forhold til alle andre europeiske land. Vi har dei treigaste langdistansetoga i Vest-Europa, med færrast avgangar.

– Du har tatt nattog til København før..?

– Eg har tatt nattog til København mens det gjekk, det blei nedlagt i 2000. Men eg rakk å ta det éin gong, og eg vil gjerne gjere det igjen.

Togentusiast Kristian Skjellum Aas.

OPPFORDRING: Togentusiast Kristian Skjellum Aas ber SV også kjempe for dagtog til København.

Foto: Kristian Skårdalsmo / NRK

AKTUELT NÅ