Hopp til innhold

Rushtidsavgifta forsvann – då kom køen tilbake

Teknisk krøll gjorde at den omstridde rushtidsavgifta blei midlertidig fjerna i Stavanger-regionen. Då kom bilkøane tilbake for fullt, viser ferske tal.

Kø på E39

Det har ikkje vore rushtidsavgift på tre månader på Nord-Jæren. I denne tida har biltrafikken på ny blitt akkurat slik han var før bomringen opna. 21.000 bilar ved teljepunkta rundt klokka 08.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Måndag 25. mars er rushtidsavgifta tilbake på Nord-Jæren. Då har Stavanger-regionen vore utan den omdiskuterte avgifta i tre månader.

– Etter at rushtidsavgifta forsvann, fekk me ein auke i biltrafikken som svarar til situasjonen slik den var før, seier samferdslesjef i Rogaland fylkeskommune, Gottfried Heinzerling.

Til store protestar opna 38 nye bomstasjonar i og rundt Stavanger 1. oktober i fjor. Og ikkje berre det.

Gottfried Heinzerling

Samferdslesjef i Rogaland fylkeskommune, Gottfried Heinzerling.

Foto: Anders Fehn / NRK

Samstundes blei det dobbelt så dyrt å køyre gjennom ein bom mellom klokka 07 og 09 om morgonen og 15 og 17 om ettermiddagen.

Utan bombrikke og rabatt kosta det 22 kroner utanom rushtida. I rushtida kosta det 44 kroner.

Nesten med ein gong viste trafikkteljingar at rushtidsavgifta hadde hatt effekt.

På vanlege tysdagar, rundt klokka 08, køyrde om lag 21.000 bilar forbi eit av dei ti teljepunkta på Nord-Jæren. Etter at rushtidsavgifta kom, sank talet til om lag 18.000 bilar.

Rundt toppen seinare på dagen, mellom 15.30 og 16, sank talet på bilar frå 22.000 til om lag 19.000 bilar.

Aksjon Kvadrat, Sandnes

Før og etter bomringen opna i oktober var det mange demonstrasjonar i Sandnes, Stavanger og kommunane rundt. Dette biletet er frå ei bru over motorvegen mellom Stavanger og Sandnes.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

21.000 bilar igjen

I desember blei det derimot bom stopp for bommen. Tekniske problem ved bomstasjonane førte til feilfakturering av fleire tusen bilistar. Det førte til at rushtidsavgifta blei stansa.

Sidan då har biltrafikken på ny blitt akkurat slik han var før bomringen opna. 21.000 bilar ved teljepunkta rundt klokka 08.

– Dersom ein ikkje tar i bruk rushtidsavgift og likevel skal få biltrafikken ned, må ein ty til andre verkemiddel. Det vil seia meir restriktiv parkering eller andre tiltak som gjer det vanskeleg å bruka bil, seier samferdslesjef Heinzerling.

John Peter Hernes

Høgre sin ordførarkandidat i Stavanger, John Peter Hernes.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Høgre sin ordførarkandidat i Stavanger, John Peter Hernes, meiner tala viser at ein ikkje klarer å spreie trafikken og få vekk køane utan rushtidsavgift.

– Sjølv om det kostar pengar med rushtidsavgift, kostar det også veldig mykje pengar å stå i kø for handverkarar, nyttetrafikk og oss andre som skal rekka noko i denne tida på døgnet.

– Men så vil mange seia at rushtidsavgift er usosialt og råkar hardt dei med dårleg råd?

– Alle avgifter treff dei med dårleg råd mest, men i den nye pakken er det forhandla fram redusert pris for barnefamiliar som må køyra til barnehage, forklarer Hernes.

Motorveien E39 bomstasjon

Det blei merkbart mindre trafikk kort tid etter at rushtidsavgifta blei innført i Stavanger-området. Dette bilete er tatt 1. oktober 2018, same dag som avgifta blei innført.

Foto: Rolv Christian Thopdahl / NRK

Ikkje einige lokalt

Kommunane på Nord-Jæren har førebels ikkje klart å bli einige om ein ny bompengeavtale.

Sandnes-ordførar Stanley Wirak (Ap) vil trekka kommunen sin ut av byvekstavtalen, dersom ikkje rushtidsavgifta blir heilt fjerna.

Fylkeskommunen og dei andre kommunane på Nord-Jæren ønsker eit kompromiss med halvert rushtidsavgift.

Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) har svart at departementet ikkje krevjer rushtidsavgift, så lenge kommunane blir einige og greier å nå målet om nullvekst i biltrafikken.