Hopp til innhold

Ikea tapte i retten – sykkelstamvegen kan gå over parkeringsplassen

Ikea gjekk rettens veg for å få behalda parkeringsplassar på Forus i Sandnes. Men tapte både mot Sandnes kommune og staten.

Ikea på Forus

Det kan bli fleire syklistar utanfor Ikea på Forus når den nye sykkelstamvegen står klar.

Foto: Erik Waage / NRK

– Me er skuffa over dommen, seier Ikeas advokat, Toralf Haver.

Selskapet gjekk til sak mot Sandnes kommune og staten, for å stoppa at delar av tomta deira skulle gå til den mykje omtalte «sykkelmotorvegen» mellom Stavanger og Sandnes.

Men i dommen frå Jæren tingrett får dei ikkje medhald.

Parkeringsplassar skal bli sykkelveg

Etter planen skal sykkelstamvegen gå over parkeringsplassen til Ikea på Forus. Selskapet meiner det vil bli eit stort økonomisk tap for dei, når færre kundar vil ha moglegheita til å parkera ved varehuset.

Ikea har rekna seg fram til at dersom dei mister 263 parkeringsplassar i byggeperioden og 65 parkeringsplassar permanent, så vil selskapet tapa 285 millionar kroner.

I dag har Ikea rundt 563 kundeparkeringsplassar.

Her skal delar av sykkelstamvegen gå, over parkeringa til Ikea sitt varehus på Forus.

Fekk ikkje medhald

I retten meinte selskapet at konsekvensane av tapt parkeringsareal ikkje er vurdert i sykkelstamvegplanen og at vedtaket om ekspropriasjon måtte kjennast ugyldig.

Men Jæren tingrett er ikkje samd i det. Nå er selskapet i staden dømd til å betala sakskostnadane på til saman 322.745 kroner til Sandnes kommune og staten.

Retten gjev ikkje Ikea medhald, og skriv i dommen at reguleringsplanen gjeld. Det blir også slått fast at det ikkje er gjort feil i sakshandsaminga eller utilstrekkeleg saksutgreiing.

Ikea har så langt ikkje bestemt seg for om dei vil anka.

– Dette er ein omfattande dom og me må difor bruke tid på å setta oss inn i premissane, før me avgjer om me vil anka, seier Ikeas advokat, Toralf Haver.

Sandnes vil lytte

– Me er nøgd med dommen, seier ordførar Stanley Wirak (Ap) i Sandnes.

Han meiner kommunen har jobbe både grundig og lenge med saka, og vedtaket om ekspropriasjon blei fatta allereie i 2014.

Ikea hadde ingen innspel i høyringa om mindre justeringar som var ute i 2018.

– Ikea er ein viktig arbeidsplass for oss, så med vil sjå om det er mogleg å gjera noko med forslaga til endringar dei har kome med, seier ordføraren.