Hopp til innhold

Lurte til seg koronapass – stakk av frå vaksinesenter utan å ta vaksinen

Sandnes kommune har måtta setta inn ekstra sikkerheitstiltak på vaksinasjonssenteret etter at ein mann lurte til seg koronasertifikat. – Feigt, seier kommuneoverlegen.

Inngang til vaksinesenteret i Sandnes

STAKK AV: Etter at mannen hadde blitt registrert og skulle få koronavaksinen, gjekk han ut same veg som han kom inn utan å bli vaksinert.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Det gjekk ikkje lang tid frå koronaen gjorde ferdsel over landegrenser vanskelegare, til dei første nyheitene om folk som prøvde å lura systemet dukka opp.

Ein falsk negativ koronatest tok det NRK to timar og 350 kroner å skaffa på nett. Dette var ein test som kunne brukast for å koma inn i Noreg.

For nokre veker sidan prøvde ein mann å koma inn i Noreg frå Finland med forfalska koronapass, kunne TV 2 melda. Og i Australia forfalska nyleg senatoren Rex Patrick koronapasset sitt, for å visa kor enkelt det var.

Nå fortel også kommuneoverlegen i Sandnes om ei særs spesiell hending som skjedde for nokre veker sidan.

Det dei opplevde på vaksinasjonssenteret var ikkje ei forfalsking, men ein som rett og slett lurte til seg eit ekte koronapass.

– Det synest eg er feigt, seier kommuneoverlege Hans Petter Torvik.

Registrering til koronavaksine i Sandnes kommune.

Sidan mannen hadde registrert seg før han stakk av, har han no koronapass utan å vera vaksinert.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Registrerte seg og stakk av

– Han kom inn på vaksinasjonssenteret, registrerte seg og sette seg i stolen for å ta sprøyta, fortel leiar ved vaksinasjonssenteret, Irene Asheim Ivesdal.

Men rett før stikket kom, reiste han seg opp.

– Han sa han fekk ein telefon og gjekk ut av hallen same veg han hadde kome inn.

Leder for vaksinesenteret i Sandnes Irene Asheim Ivesdal

SIKKERHEIT: Leder for vaksinesenteret i Sandnes, Irene Asheim Ivesdal, fortel at sikkerheita har blitt skjerpa etter hendinga.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Dette var ei hending kommunen ikkje var førebudde på, og dei klarte derfor ikkje spora opp att kven denne mannen var.

Det er uvisst om mannen skulle få første eller andre dose, men den dagen vaksinerte kommunen hovudsakleg dose to.

Sidan han hadde blitt registrert ved inngangen har han nå eit ekte koronapass, utan vaksine.

Med koronapass står personen friare til å reisa eller delta på arrangement der det blir stilt krav om koronasertifikat.

Kommuneoverlegen har ikkje høyrt om andre som har gjort dette. Han seier det ville vore ei større utfordring om det var fleire uvaksinerte med koronapass.

– Éin person er uheldig, men det har ikkje veldig mykje å seie for storsamfunnet sin del, seier Torvik.

Aukar sikkerheita

Hendinga har ført til at dei har innført nye sikkerheitstiltak på senteret i Sandnes.

Kommuneoverlege i Sandnes Hans Petter Torvik i vaksinasjonshallen i Sandnes.

UHELDIG: Kommuneoverlege i Sandnes, Hans Petter Torvik, seier at det er uheldig at slikt skjer, og at dei gjer mykje for å sikra at dette ikkje skjer igjen.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

– Nå har me vakter som skal passa på at ingen kan gå ut att gjennom inngangen. Og når folk ombestemmer seg før dei får sprøyta skal dei følgjast ut, og avregistrerast før dei får gå, fortel kommuneoverlegen.

I tillegg er også vakthaldet mellom sprøytestasjonen og venteavdelinga skjerpa.

– Vaktene sjekkar at alle som går inn i venteområdet faktisk har fått sprøyta.