Hopp til innhold

Hulda vart smitta første veka på skulen – nå går skular over på gult nivå

Planen med normal skuledag og hurtigtesting har ikkje fungert fleire stadar. Regjeringa, som tilrådde grønt nivå i skulen, seier at situasjonen må revurderast.

Hulda Josephine Hein-Gutierrez

Hulda Josephine Hein-Gutierrez må ta imot besøk med munnbind og gjennom kjellarvindauget. No skal ho vere lenger i karantene enn ho fekk vere på skulen med sin nye klasse.

Foto: Roy Pettersen / NRK

Etter sommaren opna dei fleste skulane på grønt nivå – nett slik det var tilrådd av regjeringa.

I løpet av første veke rakna systemet i Stavanger. Elevar har hundrevis av nærkontaktar og sit i doble og triple karantenar. Same veke auka også smitta med 20 prosent.

Onsdag blei det bestemt at to vidaregåande skular i Stavanger skal over på gult nivå. Det skjer også andre stader i landet.

Heller ikkje i Oslo har skulestarten vore slik mange hadde håpa.

Hulda Josephine Hein-Gutierrez er ei av fleire som vart smitta etter ei veke på skulen.

Smitta på skulen første veka

– Det går overraskande bra, men det er veldig kjipt.

Ho må stå i vindauget med munnbind på, for ho vart smitta etter ei knapp veke på skulen.

Ho har nett teke til i første klasse ved musikklinja på Foss vidaregåande i Oslo.

– Eg er veldig redd for å gå glipp av det sosiale på skulen når eg er innestengd, seier Hein-Gutierrez.

Ho seier ungdomane var budd på smitteutbrott sidan dei starta skuleåret på grønt nivå.

– Vi levde eigentleg heilt normalt på skulen og var mykje saman. Så eg vart ikkje overraska då eg vart smitta.

– Det var jo trist då, for eg har berre vore med klassen min i ei veke før det var rett i isolasjon, seier ho.

Hulda Josephine Hein-Gutierrez

Hulda Josephine Hein-Gutierrez fekk akkurat byrje på vidaregåande før ho måtte i karantene.

Foto: Karl Biehl / NRK

Regjeringa tilrådde grønt nivå i skulen

Det var 10. august, dagar før skulane skulle opne, at kunnskapsminister Guri Melby bekrefta at regjeringa tilrådde skular og barnehagar å opne på grønt nivå.

Dette var med atterhald om at smittesituasjonen tillèt det.

Det gjorde situasjonen dei fleste stadar, også i Stavanger, og skulane tok til med relativt nær normal drift. Det har ikkje gått etter planen.

FHI sin ferske vekerapport viser at smitta hos barn mellom 6 og 12 år har auka med 39 prosent den første skuleveka. I aldersgruppa 13–19 år auka smitten med 23 prosent.

Dermed kan skular likevel hamna på gult eller raudt nivå i haust. På raudt nivå skal skulane mellom anna vurdera heimeskule.

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Anja Johansen

Statssekretær i kunnskapsdepartementet seier at rådet om grønt nivå føreset at smittesituasjonen gjer det mogleg.

– Nå ser me at smitten aukar, og me må revurdera situasjonen. Sjølvsagt. Fordi tiltaka me set inn skal heile vegen vera basert på den lokale smittesituasjonen, seier Anja Johansen (V), som er statssekretær ved kunnskapsdepartementet.

Opp til kommunane

Ho seier at dei lokale helsestyresmaktene sjølv må gjera desse vurderingane.

– Kva tenker du om signala som kanskje blei sendt då Guri Melby sa at skulen kom til å bli opna på grønt nivå?

– Signalet me har sendt har me vore heilt tydelege på. Me opnar på grønt nivå, dersom den lokale smittesituasjonen gjer det mogleg. Me håpa sjølvsagt at dette skulle vera situasjonen over alt.

Og i største delar av Noreg skal det vera mogleg å ha grønt nivå, ifølgje Folkehelseinstituttet (FHI).

– Det er 60 kommunar som har hatt auka smitte den siste tida. Nærmare 300 har ikkje hatt det. Me er i løpande dialog med dei som har smitte om målretta bruk av gult nivå og karantene, seier fagdirektør i FHI Frode Forland.

Testsystemet fall

Frode Forland

Frode Forland er fagdirektør i Folkehelseinstituttet. Han seier at når smitten etter skulestart har vore litt større enn dei hadde forventa.

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

Det var FHI som før skulestart gjekk ut og sa at hyppig testing og smittesporing kunne erstatte karantene for skuleelevar. Dette nye testregimet, kombinert med at elevar på skular med grønt nivå har særs mange nærkontaktar, har ført til store utfordringar.

I eit møte med Helsedirektoratet onsdag melde statsforvaltarane frå heile landet om kommunar som slit med å få nok ressursar til å driva smittesporing, testing og vaksinering.

Kapasiteten har kome veldig på strekk i fleire kommunar. Det har dei vore veldig tydelege på ovanfor oss, seier divisjonsdirektør i Helsedirektoratet, Johan Torgersen.

Tysdag skreiv NRK om Stavanger kommune som måtte be om å ta pausar i testsystemet som var sett opp for å halde skulane opne.

Det måtte dei etter eit uvisst tal elevar måtte sendast i karantene då teststasjonar og smittesporinga vart kraftig belasta. Oslo skal no vere i ein liknande situasjon.

Varslar endringar

I Helsedirektoratet er dei uroa over arbeidspresset kommunane melder om. Etter dagens møte varslar dei at det vil koma endringar.

Me har innsett at me må vurdera kva tiltak og råd me kan koma med, slik at me kan justera systemet og bruka andre verkemiddel. Målet er at kommunane blir mindre pressa på kapasitet, seier Johan Torgersen, divisjonsdirektør i Helsedirektoratet.

Divisjonsdirektør Johan Torgersen, Helsedirektoratet

Divisjonsdirektør i Helsedirektoratet, Johan Torgersen, har onsdag vore i møtte med alle statsforvaltarane i landet.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

Ifølgje FHI må også kommunane prioritera. Smittesporing bør vera mindre viktig enn vaksinering og testing, og kan eventuelt overlatast til dei som er smitta.

– I den situasjonen me er nå, der nærkontaktar og smitte ikkje er så farleg, er nok dette ein veg me kan tenka på framover, seier fagdirektør i FHI Frode Forland.

Fleire stadar i landet har no også teke til med, eller vurderar å innføre, at ungdommar skal teste seg sjølv, for slik å lette på trykket på teststasjonane.

Assisterande helsedirektør, Espen Rostrup Nakstad, er positiv til dette.

– I mange tilfelle kan jo elevar ved ungdoms- og vidaregåande skular gjennomføre desse testane sjølv. Så fort ein får lært opp elevane til det, vil dette gå mykje lettare og kommunane slepp bruke like mykje ressursar på det.

Er redd for å falle utanfor

– Ein er jo litt redd for å falle utanfor. Eg skal jo vere vekke i ti dagar, og dei som er i klassen min får jo kome på skulen og vere saman, seier Hein-Gutierrez.

Ho seier at dei no er så mange på hennar alder som er smitta, at alle er einige at det berre handlar om uflaks om ein vert sjuk.

– No byrja ein jo skuleåret på grønt nivå. Er du glad for at du kunne kome på skulen, eller skulle du ynskje det var litt meir som i fjor?

– På ein måte er eg glad for det, for eg fekk ein veldig god start med klassen min. Men eg skulle ynskje at vi til dømes hadde fått vaksinen før, men det var jo ikkje mogleg.

– Vi var jo alle einige om at det var ein risiko å kome på skulen, men eg trur dei fleste var villige til å ta den for å få vere saman på ein normal måte, seier Hein-Gutierrez.