Hopp til innhold

Smitten spreier seg blant unge – Nora må teste seg sjølv for korona

Smitten er rekordhøg og skular er sett til gult nivå. I Stavanger skal elevane sjølv sjekke om dei har korona og i nokre tilfelle ringje eigne nærkontaktar.

Noreg er inne i ein smittetopp. Aldri før i pandemien har so mange vore smitta på eitt døgn.

Snittalderen på både smitta og innlagde på sjukehus søkk, og fleire kommunar slit med å følgje opp elevar i dei vidaregåande skulane.

Ungdom i hardt råka område vert i nokre tilfelle bedt om å sjølv ringje nærkontaktar og drive smittesporing.

For å lette på trykket i Stavanger, har elevar i kommunen no fått delt ut hurtigtestar. Desse skal dei sjølv ta ansvar for.

Sunniva Langseth Wikre (15) testar seg sjølv for korona.

Sunniva Langseth Wikre (15) håpar sjølvtestinga kan hjelpe på å bli kvitt smitteutbrottet i kommunen.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

Gult nivå og sjølvtesting

Fleire skular i Stavanger er no sett til gult nivå i trafikklysordninga. Det betyr mellom anna strengare smittevernreglar og at tilsette må halde større avstand til elevane.

Det vart innført etter eit hastevedtak av helsesjefen i kommunen onsdag.

– Det er jo litt strengare, men so lenge vi får gå på skulen er eg i alle fall glad, seier Nora Håland Landråk.

Elevar får også delt ut hurtigtestar som dei skal ta heime hjå seg sjølv i dagane som kjem.

– Eg tykkjer dette er bra, so får vi testa oss nok. Då får vi sett at vi ikkje har korona og får gå på skulen. Og vi slepp å sitje so mykje i karantene, seier Landråk.

– Trur du folk kjem til å gjere dette regelmessig og sende inn resultata sine?

– Det trur eg. Eg trur dei fleste er ganske lei av korona, so eg håpar at dei fleste vil teste seg for å hjelpe avslutte dette.

Håpar å sleppe karantenar

Vel 300 elevar tek i denne omgang til med sjølvtesting.

Eitt årskull ved St. Svithun hadde so mange nærkontaktar at alle saman vart sett i karantene tidlegare i veka. Det vart utfordrande å gjere smittesporing på alle.

Det er desse som no skal teste seg ut av karantenen.

– Helsesjefen i kommunen har vurdert at det er naudsynt å gjere dette, slik smittesituasjonen er no.

Åsmund Glende Jakobsen er rektor ved St. Svithun vidaregåande skule.

– Vi håpar at sjølvtestinga kan erstatte karantenen, rett og slett, seier rektoren.

Åsmund Glende Jakobsen, rektor ved St. Svithun i Stavanger

Rektor Åsmund Glende Jakobsen har full tillit til at elevane hans vil vere gode på å teste seg og sende inn resultata sine i tida som kjem.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

Ei venta smitteauke

– Vi ser ei ganske kraftig auke i smitte, særleg hjå barn og unge. Det meiner vi er ei uheldig utvikling, men det er samstundes ei venta utvikling.

Frode Forland er fagdirektør hjå Folkehelseinstituttet.

Han meiner den auka smitta hjå unge den siste tida mellom anna skuldast at folk har vore på ferie og at samfunnet er i gang med aktivitetar og samlingar att.

Fleire stadar i landet har oppdaga smitteutbrott dei siste dagane.

– Målet er at ein skal ha kontroll på smittespreiinga. Men det er ikkje slik at vi kan vente å kome ned mot null. Vi må vente at vi skal leve med meir smitte. So lenge denne ikkje gjev so alvorlege konsekvensar, so er det til å leve med, seier Forland.

Frode Forland

Frode Forland seier den auka smitta hjå unge ikkje var uventa då skulane og aktivitetane tok til på hausten.

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

Tykkjer sjølvtestinga er bra

Dei komande dagane skal Wikre, Landråk og mange av deira jamaldra drive testing av seg sjølv heime.

Elevar ved St. Svithun samlar seg i idrettshallen for å teste seg sjølv for korona.

Elevane vart i dag samla i hallen for å få delt ut testane for dei neste dagane.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

– Då vert det nett det same: opp i nasen, drype og vente. Det tek ikkje so lang tid før vi får svar, seier Landråk.

– Er det komplisert å gjere?

– Litt, eg har aldri gjort det før. Men eg må jo bli vand med det sidan eg skal ta den heime og, seier Wikre.

– Det er greitt å sleppe å vente eit døgn kvar gong, og berre kunne ta testen heime.