Hopp til innhold

Titusenvis vil ha eksamen avlyst – igjen

Elevar over heile landet vil ha årets eksamen avlyst grunna tøff skulegang i koronatida. Regjeringa vil gjennomføre den som vanleg.

Lone Sjo Fredriksen

På eit bibliotek eller heime – ikkje på skulen. Slik har skulekvardagen til Lone Sjo Fredriksen vore store delar av hennar vidaregåande opplæring. Det trur ho vil svekke ho om ho må opp til vanleg eksamen om nokre månadar.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

På eit bibliotek eller heime – ikkje på skulen. Slik har skulekvardagen til Lone Sjo Fredriksen vore store delar av hennar vidaregåande opplæring. Det trur ho vil svekke ho om ho må opp til vanleg eksamen om nokre månadar.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

I fjor vår vart både skriftleg og munnleg eksamen avlyst på alle ungdoms- og vidaregåande skular grunna korona.

Den gong kom det blanda tilbakemeldingar, alt frå jubel til uro.

Nok ein gong vil elevar landet over avlyse eksamen etter nok eit år med heimeskule og stadige skifter mellom grønt, gult og raudt nivå.

Men regjeringa planlegg likevel vanlege eksamenar for alle.

Har ikkje hatt vanlege dagar

– Det er jo delar av pensum som eg aldri har lært, fordi undervisinga har gått føre seg digitalt, seier Lone Sjo Fredriksen.

Ho går i tredje klasse på Media og kommunikasjon på Hetland vidageråande skule i Stavanger. Ho er også leiar av Stavanger SU.

Ho og klassekameratane har hatt koronarestriksjonar på skulen under nesten heile den vidaregåande utdanninga deira.

Det meiner Fredriksen skadar hennar og andre ungdommar sine moglegheiter til å gjere det bra på eksamen.

– Eg har ikkje hatt utstyret heime til å gjennomføre dei praktiske oppgåvene, so det er enkelte delar av sjølve medieopplevinga som eg føler eg aldri har fått, seier Fredriksen.

Lone Sjo Fredriksen

2003-kullet som Fredriksen tilhøyrer har hatt lite vidaregåande utdanning utan koronarestriksjonar. Ho meiner dei manglar viktig kunnskap for å gjennomføre ein tradisjonell eksamen.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Tusenvis av elevar mobiliserer

I år som i fjor mobiliserer elevar på nett for å få årets eksamenar avlyst.

På nettstaden Underskrift.no, ein stad underskriftskampanjar på nett vert delt, handlar tre av dei fem øvste kampanjane om å avlyse eksamen.

Kampanjane har til saman kring 27.000 underskrifter, men ein person kan skrive under fleire kampanjar, og ein treng ikkje vere elev for å skrive under.

På Instagram har ein konto som promoterer å avlyse eksamen i 2022 samla nær 30.000 likes på eit par postar om nett dette.

– Det er mange av mine klassekameratar som har delt det biletet, so det verkar som det er ei generell semje mellom oss, seier Fredriksen om den aktuelle instaposten.

Der er truleg gjengangarar fleire stadar, men deltakinga på nett syner at mange ynskjer å avlyse årets eksamenar for ungdoms- og vidaregåande skular.

Bør årets eksamen verte avlyst? 🏫

Linea Weibel og Emilie Hauge

Linea Weibel (17) og Emilie Hauge (17) ved St. Olav vidaregåande skule i Stavanger har skrive under på kampanjar for å få eksamenane deira avlyst. Dei meiner dei ikkje har godt nok grunnlag til å bli vurdert på eksamen.

Foto: Elise Pedersen / NRK

– Ganske openbert av eksamen bør verte avlyst

Fredriksen og dei andre unge har Elevorganisasjonen i ryggen.

Sidan vi bad om risikovurderinga i haust, har grunnane til å avlyse eksamen vorte fleire og fleire, seier leiar Edvard Botterli Udnæs til NRK.

Han meiner at det kjem til å bli store variasjonar mellom tiltaka ved dei ulike skulane i dei ulike kommunane i landet framover, ettersom smitten vil variere stort.

Det, saman med den tapte læringa vi har etter to år med pandemi, gjer at det er ganske openbert for oss at eksamen burde verte avlyst, seier Udnæs.

Edvard Botterli Udnæs, leiar i Elevorganisasjonen.

Edvard Botterli Udnæs er leiar i Elevorganisasjonen.

Foto: elev.no

Vil gjennomføre eksamen som planlagt

Men medan elevar vil avlyse skuleeksamen, ynskjer regjeringa at ting skal gå som normalt.

Kunnskapsdepartementet ynskjer ikkje å stille til intervju, men opplyser i ein e-post til NRK at dei har bestilt ein risikoanalyse frå Utdanningsdirektoratet (Udir) som skal handle om konsekvensane av å gjennomføre eller avlyse eksamenar i 2022.

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) snakka om eksamen på pressekonferansen torsdag då regjeringa letta på nokre av koronatiltaka.

Tonje Brenna

Kunnskapsminister Tonje Brenna planlegg i utgangspunktet at eksamen skal verte avvikla som normalt.

Foto: Even B. Johnsen

– For skulane no handlar det mykje om å rekke gjennom mest mogleg av det stoffet ein normalt skal rekke gjennom eit skuleår, so det heng jo saman med meir enn berre kor mykje smitte der er eller kor mange tiltak ein har hatt over tid, sa Brenna.

Risikoanalysen frå Udir er venta kome 31. januar.

– Det viktigaste er å høyre på elevane

Men nokre av Fredriksen sine medelevar og lærarar er ueinige med ho om avlysing av eksamen.

Dei meiner at elevane har godt av å ha eksamen, at det er ei erfaring dei bør ha når dei skal vidare til høgare utdanning.

– Det forstår eg, men eg trur at eksamen under desse omstenda berre ville vore eit hinder for at vi i det heile teke skal kome oss til universitetet, seier ho sjølv.

– Eg tykkjer at det viktigaste er å høyre på elevane.

Flere nyheter fra Rogaland