Hopp til innhold

– Det var ikkje kallenamna som var det verste

Ein av tre sjøtilsette har opplevd mobbing eller trakassering på jobb det siste året, viser ei fersk undersøking. Susanne Mortensen drar ikkje ut på sjøen igjen.

Susanne Mortensen

IKKJE OVERRASKA: Fiskar Susanne Mortensen er ikkje overraska over funna i den nye undersøkinga.

Foto: Hanne Wilhelms / NRK

– Eg er ikkje overraska, vi er mange som jobbar på havet som har sagt ifrå. Det er trist at det er slik, seier fiskar Susanne Mortensen.

I oktober 2021 skreiv ho ein kronikk på NRK Ytring om livet som kvinneleg fiskar om bord på fiskebåt. På jobb blei ho mellom anna kalla «hore», «fettkjerring» og «svak».

Ho er ei av fleire kvinnelege fiskarar som har stått fram og fortalt om alvorleg trakassering i fiskerinæringa.

Og no har Sjøfartsdirektoratet spurt sjøtilsette i heile landet om dei har opplevd trakassering og mobbing på jobb.

Heile 27 prosent svarer ja.

Dette er alvorlege tal. Vi har ein jobb å gjere med kulturen. Det skal vere trygt og godt å jobbe om bord på alle skip for alle tilsette, seier Knut Arild Hareide.

Knut Arild Hareide - portrett i møte

Sjøfartsdirektør Knut Arild Hareide ser alvorleg på resultata frå den siste undersøkinga.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Sjøfartsdirektøren sat onsdag i møte med andre aktørar i den maritime næringa. Her blei resultata frå undersøkinga maritim sikkerheit lagt fram. Denne gjer dei annakvart år, men i år har dei for første gong spurt sjøtilsette om dei har opplevd mobbing og trakassering på jobb det siste året.

Les også Færre kvinner vil bli fiskere, frykter trakassering er grunnen

Kornelia Uteng Sand. Fisker.

Skal vere trygt for kvinner

8400 personar som jobbar på fiskefartøy, passasjerskip og lasteskip har svart på undersøkinga, som er utført av Safetec for Sjøfartsdirektoratet.

400 av desse er kvinner.

Av kvinnene svarer 15 prosent at dei har opplevd seksuell trakassering på jobb.

– Det viser at kvinner er særleg utsett, og det er krevjande, for dette er ei næring som treng rekruttering. Vi treng dyktige kvinner til å velje maritim sektor, og dei treng å vite at det er trygt å jobbe her, seier Hareide.

Susanne Mortensen trur endå fleire kvinner opplever seksuell trakassering på jobb.

– Eg trur mørketala er høgare. Men 15 prosent er 15 prosent. Det skal ikkje førekomme nokon form for trakassering når ein er på jobb, seier ho.

Les også Fiskarlag lover endring: – Jeg tror det ikke før jeg får se det

Krever handling

– Skal ikkje ha klump i magen på jobb

Administrerande direktør i Rederiforbundet, Harald Solberg, seier dei ser alvorleg på tala.

Administrerende direktør Harald Solberg i Rederiforbundet.

Administrerande direktør i Rederiforbundet, Harald Solberg.

Foto: Tore Linvollen / NRK

– Eg er først og fremst skuffa. Men òg litt overraska. Å jobbe om bord på skip skal vere spennande, utfordrande og utviklande. Ein skal vere trygg når ein går på jobb. Ikkje ha klump i magen, seier Solberg.

Undersøkinga viser 14 prosent har opplevd baksnakking og ryktespreiing på jobb. 11 prosent svarer at dei har opplevd personretta kritikk.

Stian Grøthe og Johnny Hansen i Norsk Sjømannsforbund

Direktør politikk og myndigheitskontakt i Norsk Sjømannsforbund, Stian Grøthe.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Opinion har i tillegg gjort ei undersøking blant 1100 av Sjømannsforbundet sine medlemmar. Her svarer 25 prosent at dei har blitt mobba eller trakassert på jobb dei siste tre til fire åra.

– Begge undersøkingane viser tal som er altfor høge, som vår næring ikkje kan vere stolte av og som vi må gjere noko med, seier Stian Grøthe, direktør for politikk og myndigheitskontakt i Norsk Sjømannsforbund.

Men han er ikkje overraska.

– Vi har nok hatt ein mistanke om at dette ikkje er bra. Kulturen er ikkje god nok, seier han.

Les også #Metoo: Fra Hollywood til sjarken

#Metoo cover

Kjem til å sakne yrket

Susanne Mortensen har hatt sin siste tur som yrkesfiskar.

– Det var ikkje kallenamna som var det verste. Men når du blir nedvurdert, og forklaringsmodellen blir at du er kvinne og difor ikkje kan gjere jobben din, seier Mortensen.

Akkurat no er ho heime i mammapermisjon og vurderer om ho skal finne seg ein annan jobb eller ta vidareutdanning.

– Når du er på jobb som fiskar, får du utfordra deg sjølv. Du gjer mykje forskjellig, og du ser mykje av landet. Det kjem eg til å sakne, seier Mortensen.