Hopp til innhold

– Det er skikkeleg vondt å sjå

Naturfotografen vart lei av å måtta snu kamera vekk for å ikkje få med landbruksplast på bileta sine. No har ho slått alarm i staden for å snu seg bort.

Plast ligg strødd utover eit jorde

Plast frå rundballar ligg strødd utover jordet.

Foto: Kristin Devor / Privat

– Eg er ein ganske sindig person, men på den eine staden var det so ille at eg byrja å grine.

Bileta Kristine Devor har teke, viser landbruksplast frå blant anna rundballar som ligg strødd utover jorde i Hemsedal. Nokre stader sat plasten godt nede i jorda, som om den hadde ligge der over lang tid.

– Det var skikkeleg vondt å sjå på. Ikkje for min eigen del, men for dyra, naturen og fuglane, seier Devor.

Sende klagebrev

Fotograf Kristin Devor prøver å trekka plast opp av jorda

Noko av plasten ligg godt nede i jordsmonnet.

Foto: Kristin Devor / Privat

I starten av juni kunne ho ikkje sjå vekk frå plasten lenger. Devor la ut eit facebook-innlegg med bilete av plastsøppelet og sende eit klagebrev til kommunen. Ho meiner det er eit problem som går att i heile Hallingdal.

– Dette er eit overordna strukturelt problem som landbruksorganisasjonar og politikarar må byrja å sjå alvorleg på. Det kjem ikkje til å stoppa av seg sjølv.

Må bli strengare

Martin Lindal

Leiar i Naturvernforbundet Buskerud, Martin Lindal, seier det er negativt for både turismen i Hallingdal og miljøet at plasten ikkje blir teke hand om.

Foto: Tove Bø / NRK

– For det fyrste er det stygt, men det som er verre, er at dette til slutt endar opp som mikroplast. Det kjem ut i vassdrag, inn i små organismar og tilbake i maten me et, seier Martin Lindal, leiar i naturvernforbundet i Buskerud.

Han trekk fram at kommunen er den lokale forureiningsmyndigheita. Dei bør bli strengare til å handheva lova, meiner han.

Leiar i Hemsedal Bondelag, Olav Huso

Det må kanskje til ein dugnad for å samla inn plasten, meiner Olav Huso, leiar i det lokale bondelaget.

Foto: Privat

Bileta av plasten har og fått reaksjonar frå bondelaget i kommunen. Leiar Olav Huso seier det rett og slett handlar om slurv.

– Eg tykkjer det er heilt forferdeleg å sjå slike ting. Det burde ikkje skje. Det er negativt både for næringa og bygda.

Bondelaget skal ta opp temaet om forsøpling på eit styremøte i neste veke. Der skal dei vurdera kva tiltak dei skal kan setta i gang med.

Ei lita øy der det heng plast på trea

På ei lita øy i eit område med kubeite heng plast som har blitt teke av vinden.

Foto: Kristin Devor / Privat

Kommunen reagerte raskt

Etter kommunen fekk klagebrevet frå Devor reagerte dei raskt. Alle gardsbrukarar i kommunen fekk eit brev med oppfordring om å rydda opp etter seg.

Jordbrukssjef i Hemsedal, Viel Ribberud

Jordbrukssjefen i Hemsedal, Viel Ribberud, seier det ikkje er greitt at plast blir liggande slik.

Foto: Privat

– Dette er ikkje greitt. Det er negativt for alle. Eg trur dei fleste dyr ikkje et plasten i utgangspunktet, men om det er mykje av det so kan dei setta seg fast, seier jordbrukssjef i kommunen, Viel Ribberud.

Dei som eig gardsbruka der bileta er tekne har fått beskjed om å rydda opp plastrotet sitt. Om ei veke planlegg dei å halda tilsyn med dei aktuelle gardane.

NRK har vore i kontakt med to av grunneigarane som har fått beskjed om å rydda. Dei er ikkje interesserte i å kommentera saka utover at dei kjem til å rydda opp.

Plast frå ein rundball ligg i elv

Noko av plasten blir plukka opp av vinden og endar opp i elver og innsjøar.

Foto: KRISTIN DEVOR / Privat