Hopp til innhold

Statssekretær: Vi treng ei kjapp løysing for å hindre plastberg

Importstopp til Kina fører til at bønder over heile landet slit med å bli kvitt landbruksplasten. No blir det innført hastetiltak som skal hindre plastberg på gardane.

Plasthaug

PLAST TIL BESVÆR: Over heile landet er det no problem med å bli kvitt all plasten som bøndene brukar til å pakke inn fôr.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Kvart år blir over 18.000 tonn landbruksplast sendt til gjenvinning, men bøndene slit med å bli kvitt plasten.

– Kina har stengt grensene for import av brukt plast, og dermed er etterspurnaden større enn moglegheitene til å gjenvinne, seier Kari-Lill Ljøsdal frå Grønt Punkt Noreg.

Grunna stopp på marknaden i Europa, slit ein no med å få selt plasten vidare. Dermed kan dei ikkje ta imot plast frå bøndene lengre, som fører til at bønder over heile landet no sit att med store mengder landbruksplast på gardane sine.

Innfører hastetiltak

Statssekretær i Klima- og miljødepartementet Atle Hamar (V) seier problemet treng ei kjapp løysing.

– Vi er klare over at det no er eit problem fordi Kina har slutta å ta imot plast som blir levert, og dermed har me byrja arbeidet med å lage ei ny forskrift, seier Hamar.

Forskrifta skal seie at ein skal ta imot landbruksplast på lik linje med anna plast og anna avfall med krav om gjenvinning og resirkulering.

– Det kan bidra til å skape ein marknad for å kunne få unna plasten, seier Hamar.

Rundballeplast er vanskeleg å bli kvitt

Bonde Geir Støfring

BONDE: Geir Støfring treng rundballar for at kyrna skal produsere store mengder mjølk.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Geir Støfring, som først omtala saka i avisa, Firda, er avhengig av rundballar til kyrna sine, men den store mengda plast desse gir frå seg er problematisk. Han seier det går om lag 2000 rundballar i året.

– Foret må vere pakka og emballert slik at det ikkje muglar, for då blir dyra sjuke, og kvaliteten på mjølka dårleg, seier han.

Fryktar bøndene brenn plasten sjølv

– Dersom plasten blir brend på eit stort anlegg, er eg redd for at bøndene tenker at dei like godt kan brenne det sjølv heime på garden, seier leiar for Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde.