Hopp til innhold
Joe Biden og Xi Jinping.
Foto: Eraldo Peres Alex Brandon / AP

USA og Kina

Oppsummert

Forholdet mellom USA og Kina er anstrengt, og spenningen mellom landene har økt etter at den amerikanske politikeren Nancy Pelosi besøkte Taiwan.

  • Kina set samarbeid med USA på vent

    Det kinesiske utanriksdepartementet seier dei vil sette samarbeidet med USA på vent på ei rekke område, melder Reuters.

    Dei vil blant anna avlyse forsvarspolitiske samtalar, sette klimaforhandlingar og eit samarbeid om å hindre kriminalitet over landegrensene på vent.

    Tiltaka kjem etter at Nancy Pelosi besøkte Taiwan tysdag denne veka.

  • Kinas ambassadør kalla inn på teppet i USA

    Amerikanske styresmakter kalla torsdag inn Kinas ambassadør i USA, Qin Gang, for å fordømme den kinesiske militære opptrappinga utanfor Taiwan, melder Reuters, som siterer Washington Post.

    USA sa også at dei ikkje ønsker ei krise i regionen.

    Kina seier fredag at dei vil innføre sanksjonar mot leiaren for det amerikanske Representanthuset, Nancy Pelosi, etter at ho besøkte Taiwan tysdag.

  • Kina varslar sanksjonar mot Pelosi

    Utanriksdepartementet varslar at dei vil innføre sanksjonar mot leiaren for Representanthuset i USA, Nancy Peolsi, melder AFP.

    Det er ikkje klart kva sanksjonar det dreier seg om.

    Pelosi besøkte Taiwan tidlegare denne veka. Kina meiner øya er ein del av sitt territorium.

    – Trass i Kinas åtvaringar mot å reise, insiterte Pelosi på å besøke Taiwan. Det er ei alvorleg innblanding i Kinas interne saker, og er med på å undergrave Kinas suverenitet og territorielle integritet. Handlinga trugar fred og stabilitet i Taiwan-sundet, sa ei talskvinne for det kinesiske utanriksdepartementet i ei utsegn.

  • Blinken kallar kinesiske militærøvingar betydeleg opptrapping

    USAs utanriksminister Antony Blinken meiner Kinas militærøvingar rundt Taiwan er ein overreaksjon og ei betydeleg opptrapping.

    Blinken sa dette under eit toppmøte i Kambodsjas hovudstad Phnom Penh fredag, melder AP.

    Kina sette i gang militærøvingar utanfor øya etter at leiaren for Representanthuset, Nancy Pelosi, besøkte Taiwan denne veka.

    – Kina har valt å overreagere og bruke speaker Pelosis besøk som ei unnskyldning for å auke provoserande militær aktivitet i og rundt Taiwansundet, seier Blinken.

  • Kina lovar straff til USA

    Den kinesiske utanriksministeren Wang Yi lova onsdag straff til dei som fornærmar Beijing. Det skriv AFP, som siterer kinesiske statlege medium.

    Den amerikanske politikaren Nancy Pelosis besøk til Taiwan har skapt kraftige reaksjonar i Kina.

    – Dette er ei fullstendig farse. USA krenker Kinas suverenitet under eit dekke av såkalla «demokrati». Dei som fornærmar Kina vil bli straffa, sa Wang.

    Wang Yi
    Foto: Stefani Reynolds / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no