Hopp til innhold
Fyrverkeri i Ålesund i 2018.
Foto: Silje Bjerknes / NRK

Nyttårsfeiring i Møre og Romsdal

  • Forseinka oppskyting

    Vêret gjorde at fellesfyrverkeriet i Molde blei utsett frå i går til i dag.

    Klokka 20.00 var forholda gode nok til at fyrverkeriet kunne bli skote opp frå hamnebassenget i Molde.

    Også i Kristiansund blei det kommunale fyrverkeriet nyttårsaftan utsett til i dag klokka 17.00 på grunn av dårleg vêr, og spesielt vind, i går. Det skriv Tidens Krav. Ordføraren i kommunen, Kjell Neergaard, seier til avisa at dei skal vurdere å flytte arrangementet permanent til 1. nyttårsdag.

  • Tvillingar like før midnatt

    I Ålesund blei det fødd eit tvillingpar like før midnatt. Ein gut blei først fødd klokka 23.37, deretter kom systera til verda eitt minutt seinare.

    I Volda blei det fødd ei jente klokka 5.16 1. nyttårsdag, men ingen i Molde førebels.

    To barn blei fødde i Bergen og i Akershus klokka 00.13, og dei er årets nyttårsbarn i Noreg.

    Ålesund sjukehus
    Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no