Hopp til innhold

Ti personar fekk augeskadar i natt – fem av dei er alvorleg skadde

Ti personar fekk augeskadar av fyrverkeri på nyttårsaftan dette årsskiftet. Augelege vil få slutt på «galskapen»

Fyrverkeri-Midtsand

FYRVERKERI: Fint å sjå på, men kan skada synet for alltid.

Foto: Stein Roar Leite / NRK

Nytt år, nye augeskadar.

Fem av dei ti som vart skadde nyttårsaftan er alvorleg skadde.

– Dei fem andre har augeskadar som er moderat alvorlege, seier overlege Nils Bull til NRK.

Han peikar på at dette er som normalt, då det pleier å bli meldt om mellom ti og femten skadde.

– Så lenge me ikkje gjer noko drastisk for å få ned skadane så kjem ikkje det til å endra seg.

Han hadde ikkje venta eit lågare tal i år.

– Styresmaktene opnar eit tidsvindauge der rusa menn kan setja fyr på eksplosiv omgitt av familie, venner eller store folkemengder. Alle som har litt omløp i hovudet, skjønner jo at det ikkje kan gå bra.

nils bull 2024

Overlege Nils Bull. Auget på biletet er frå ein nyttårsskade eit tidlegare år.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Ved årsskiftet kvart år pådreg folk seg augeskadar som følgje av bruk av fyrverkeri på nyttårsaftan.

Og kvart einaste år, må augelege Nils Bull ved Haukeland universitetssjukehus behandla slike skadar.

– Det har aldri gått bra så lenge me har halde på med dette i fyrverkeriets tidsalder, og det kjem ikkje til å gå bra så lenge me held fram med denne galskapen, seier Bull.

Vil ha slutt på kombinasjonen av fyrverkeri og alkohol

Bull har ført statistikk over augeskadar på nyttårsaftan i 19 år.

Ved inngangen til det nye året, var det i år 10 personar som fekk skadar på auga som følgje av fyrverkeri.

– Eg er heilt tydeleg på at det bør vera eit totalforbod mot privatfyrverkeri, og at me berre bør ha offentleg fyrverkeri.

Han meiner ein må slutta med kombinasjonen av fyrverkeri og alkohol på nyttårsaftan.

– Nedsett dømmekraft og eksplosiv er ein sjukt dårleg kombinasjon.

Dei fleste skadane kjem frå «batteri» med fyrverkeri. Til dømes har ein av dei skadde bøygd seg over batteriet medan han tende på, medan ein annan berre stod i nærleiken då han blei treft.

– Men ofte er det personen som tenner på som blir skadd.

Les også – La damene fyre opp fyrverkeriet

Øyelege Nils Bull

Meldingar om «uvettig bruk»

Det er meldt om uvettig bruk av fyrverkeri fleire stadar i landet.

I Surnadal i Møre og Romsdal fekk ein mann i 20-åra ein rakett i auget. Han blei send til St. Olavs hospital like etter midnatt. Politiet stadfestar at det blir starta etterforsking etter hendinga.

– Vi har sett fleire tilfelle av direkte uforsiktig omgang med fyrverkeri. Det blir skote ukontrollert på tvers av folkemengder, seier politistasjonssjef Olav Halse ved Surnadal politistasjon til avisa.

Han oppmodar foreldre til å ta ein alvorsprat med ungane sine.

Både i Ålesund og i Ulstein vart det kasta fyrverkeri frå vindauga til ein bil i fart, og i Bergen vart ein 17-åring vist vekk for «uvettig bruk» av fyrverkeri.

– I sentrum gjekk det ganske hardt for seg. Det resulterte mellom anna i at det tok fyr i julepynt utanfor Norli og at ein politimann fekk lettare brannskadar i eit bein, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Tore André Brakstad.

Også i Førde blei det meldt om uvettig bruk der mange unge var samla.

Augeavdelinga ved Sørlandet sykehus melder til NTB om to skadde. Adresseavisen skriv at ein mann i 50-åra vart skadd i ansiktet i Steinkjer, og Moss Avis melder om ein person med fyrverkeriskade som blei send til sjukehus der.

Menn og barn blir ofte skadde

Nils Bull ringer til alle augeavdelingane i landet og snakkar med legen som har vakt. Slik får han kartlagt skadane, kven som vart skadd og korleis skadane oppstod.

– Me har heilt sikker statistikk på dette, at det er mennene som er dei som blir skadde oftast. Det er oftast dei som fyrer av fyrverkeri, og det er dei som oppfører seg mest tåpeleg.

Denne natta var det ni menn og ein gut som blei skadde.

– I år er det hundre prosent menn. Ingen kvinner, og det er ganske typisk.

Førre nyttårsaftan var det totalt 11 personar som fekk augeskadar. Fem av dei var barn.

– I år kan det tyda på at foreldra passar litt betre på, men det kan også vera ein variasjon i statistikken.

Han peikar på at ungane skal ha synet sitt resten av livet og at det dermed blir ein endå høgare pris for dei å betala.

Les også Åpen Elabdellaoui om marerittkvelden - følte ansiktet etset av

Omar Elabdellauoi

– Bruk vernebriller!

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har gått ut med ei klar oppmoding om å bruka vernebriller viss ein skal fyra opp fyrverkeri.

– Det er eit lite og enkelt tiltak, som kan redda auga dine viss det skjer eit uhell. Det er viktig å hugsa på at fyrverkeri er eksplosiv, og sjølv små mengder er nok til å kunna gi livsvarige skadar, seier fungerande avdelingsdirektør Brit Skadberg i DSB til NTB.

Ein av dei ti skadde brukte vernebriller. I fjor var talet to av elleve, ifølgje Bull.

– Han som brukte vernebriller redda nok synet på det auget. Det hadde blitt ein veldig mykje meir alvorleg skade om han ikkje hadde hatt vernebriller.

Han viser til at det dei siste 19 åra har vore 284 augeskadar, og at i tillegg kjem handskadar, brannskadar, høyrselstap og mindre skadar.

Ofte blir nokre av skadane ettermelde i dagane etter nyttår, slik at det opphavlege skadetalet blir justert opp noko.