Hopp til innhold

Dette skal du gjere med fyrverkerirestane

Reinhaldsverk fryktar at fyrverkerirestar skal hamne i papirdunken og i verste fall føre til brann. Dei forklarar korleis du eigentleg skal kaste restane etter nyttårsfeiringa.

Fyrverkerirestar i avfall, SSR

Slike fyrverkerirestar står rundt omkring i snøen i heile fylket. Når dette er godt nedkjølt skal det i restavfallsdunken- ikkje papirdunken.

Foto: Arne Flatin / NRK

Den daglege leiaren ved reinhaldsverket viser oss opp til sorteringsbandet der fire personar har ansvaret for å gå gjennom alt av papp og papir som kjem inn frå kommunane på Ytre Søre Sunnmøre.

Berre i løpet av dei første dagane av det nye året har dei som står her funne ein god del fyrverkeriavfall.

Fyrverkerirestar i avfall, SSR

Her på samlebandet for papiravfall ved SSR i Ulsteinvik

Foto: Arne Flatin / NRK

Fem dagar inn i det nye året kan ein framleis sjå restar av fyrverkeri langs vegane rundt omkring, som etter kvart skal ende i søpla.

Dagleg leiar ved renovasjonsselskapet, Andrea Øien Sæverud, seier oppskrifta er enkel for levering av fyrverkerirestar:

– Alt fyrverkeriavfall skal først kjølast godt ned og deretter leggast i restavfallsdunken. Ubrukt fyrverkeri må for all del ikkje leggast i avfallet, men leverast inn att der det vart kjøpt.

Andrea Øien Sæverud, SSR

Andrea Øien Sæverud er dagleg leiar i SSR

Foto: Arne Flatin / NRK

Kvart år er det mange som syndar mot dette.

Les også Her smeller det på søppelanlegget – fyrverkeri i søpla kan være livsfarlig

Et fyrverkeribatteri på søppelanlegget i Bodø.

– Enkelte trur sikkert at papiravfallet er den rette plassen etter som store delar av fyrverkeriboksane er laga av papp. Men i tillegg inneheld det leire og restar av krut og eignar seg frykteleg dårleg for attvinning, seier Sæverud.

Ho legg til at det kan vere farleg å legge fyrverkerirestane i ein dunk som kanskje står inntil husveggen heime.

– Verken vi eller folk der ute som vi hentar avfallet hos ønskjer at dette i verste fall skal føre til brannar. Difor må ein tenke seg godt om når restane etter nyttårsfeiringa skal handterast.

Kvart år opplever dei ved samlebandet på Søre Sunnmøre Reinhaldsverk at ikkje alle veit eller tek omsyn til dette. Oppmodinga er difor sterk frå renovasjonsselskapa om at folk kastar fyrverkeriet i rett dunk.

Les også Folk flest vil ha forbod mot fyrverkeri

Fyrverkerioppskytning Våland.

– Følg råda til reinhaldsverket

Brannsjef i Ulstein og Hareid, Olav Helt Brubakk, seier folk må følge råda til SSR når det gjeld retur av brukt fyrverkeri. Han seier likevel at brannfaren ikkje er så stor med fyrverkeriavfall.

Olav Helt Brubakk. Brannsjef Hareid og Ulstein brannvesen.

Olav Helt Brubakk er brannsjef for Hareid og Ulstein

Foto: Arne Flatin / NRK

– Det som derimot er ein større brannfare er det som ikkje har gått av, for der er det ubrent krut. Så ubrukt fyrverkeri bør definitivt ikkje leggast i pappavfallet, seier han.

– I løpet av mi tid i brannvesenet har vi aldri hatt tilfelle der det har vore problem med dette, men branntilløp på anlegget til SSR er noko dei har teke seg av sjølv, seier brannsjefen.

Fyrverkerirestar i avfall

Dei som sorterer papiravfall ved SSR fryktar at fyrverkerirestar eller ubrukt fyrverkeri skal få alvorlege konsekvensar

Foto: Arne Flatin / NRK