Hopp til innhold

Nyttårsbarn både i Bergen og Romerike

Det ser ut til å bli delt førsteplass for årets nyttårsbarn. 13 minutt inn i det nye året vart ein gut fødd på Storken på Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Det er samtidig som ei jente vart fødd på Akershus universitetssykehus i Lørenskog.

– Alt står bra til med mor og barn. Og far også, så vidt eg veit, seier kommunikasjonsdirektør ved Akershus universitetssjukehus, Dagfinn Aanonsen til NTB.

Også i Bergen står det bra til med foreldre og barn.

– Dei har hatt kontakt med dei to storebrørne på fire og seks år. Dei gler seg veldig til å møta veslebroren sin, fortel kommunikasjonsrådgivar Benedicte Brakstad ved Haukeland universitetssjukehus.

Begge sjukehusa opplyser at dei ikkje fører tidspunkta med sekund. Dermed blir det to nyttårsbarn i år.