Hopp til innhold
Mann som ser på skolekart over Norge. Med boblejakke og sekk på ryggen.

Norsk flyktning- og asylpolitikk

Oppsummert

Over 40.000 mennesker søkte beskyttelse i Norge i fjor. Det er nesten 10.000 flere enn i forrige toppår, 2015.

  • Kjemper for at palestinsk familie kan bli boende i Østre Toten

    Fotballmiljøet i Kolbu i Østre Toten reagerer sterkt på at en familie med palestinsk bakgrunn kanskje må flytte fra bygda fordi flyktningmottaket i Kolbu skal legges ned i sommer.

    Familien har bodd i bygda i tre år, og en av døtrene i er med i fotballaget, skriver Oppland Arbeiderblad. På tross av at familien har bodd i Norge totalt fem år, er saken om permanent oppholdstillatelse ennå ikke avgjort.

    De forteller at de ikke har noe hjem å reise tilbake til, og at boligen til slektninger i Gaza er ødelagt på grunn av krigen.

    Trenerne på fotballaget har engasjert seg i saken, og mener at familien har gjort alt riktig når det gjelder å levere inn nødvendig dokumentasjon til UDI.

    UDI sier at de først kan besvare spørsmål om saken når pinsen er over.

  • Kinn kommune vil ha busett 450 ukrainske flyktningar i 2024

    Sidan krigen braut ut i Ukraina har Kinn kommune busett 351 ukrainske flyktningar. I løpet av 2024 skal kommunen busette 210 nye flyktningar, skriv Firdaposten.

    Dei to siste åra har kommunen fått 186 statlege millionar for å gjere oppgåva.

    Kinn kommune er nummer 10 av dei 43 kommunane i Vestland i tal ukrainske flyktningar i høve til innbyggarar og nummer 100 blant alle dei 357 norske kommunane.

  • Krev ekstraordinært kommunestyremøte etter omstridd flyktningvedtak

    Åtte lokalpolitikarar i Fitjar, frå partia KrF, Ap og Sp, krev no ekstraordinært kommunestyremøte om flyktningvedtaket tidlegare i år, skriv Stord24.

    Då vedtok nemleg eit fleirtal i kommunen å berre ta i mot ukrainske flyktningar, det same som Drammen kommune gjorde. Men Statsforvaltaren i Oslo og Viken har konkludert med at vedtaket i Drammen er ugyldig.

    Opposisjonspolitikarane på Fitjar meiner kommunen ikkje kan ha eit vedtak som bryt med lova, ifølgje Stord24.

    Midtfjellet vindpark

    Fitjar vil bare ta imot ukrainske flyktninger – ingen vet om det er lov

    Fitjar vil gjøre som Drammen, og kun ta imot flyktninger fra Ukraina. Men det er fremdeles ingen som vet om det er lovlig eller ikke.

  • Ber norske styresmakter endra retningslinjer

    Advokat Trygve Tveter meiner norske styresmakter må hjelpa personar med norsk opphaldsløyve ut frå Gaza. Bakgrunnen er saka til palestinske Jaber Yaghi, som har kone og to barn med norsk statsborgarskap i Noreg. Han kjem seg ikkje ut av Gaza, og norske styresmakter seier dei ikkje kan hjelpa han.

    – Med bakgrunn i denne enkeltsaka meiner eg styresmaktene bør/må setta i verk ei snarleg endring av innhaldet i gjeldande instruks frå Utlendingsdirektoratet (UDI). Ein krigsskadd far og ektefelle til norske borgarar som er innvilga opphaldsløyve, skal hjelpast med utreise frå Gaza og innreise til Noreg, skriv Tveter i eit brev til justis- og beredskapsdepartementet.

    Vanessa Yaghi med døtrene Ayla og Asya
    Foto: Eli Bjelland / NRK
  • Familien Yaghi får ikkje hjelp til utreise frå Gaza

    Norske styresmakter vil ikkje hjelpa Jaber Yaghi ut av Gaza og til Noreg. Kona Vanessa Yaghi og dei to døtrene deira er norske statsborgarar, og bur på Stord. I førre veke fekk han innvilga familiegjenforeining og mellombels opphaldsløyve i Noreg. Men det kan bli vanskeleg å koma hit.

    – I tråd med vårt konsulære ansvar har me bistått norske borgarar, utanlandske borgarar som er busette i Noreg, og nære familiemedlemmer med gyldig opphald i Noreg som reiser saman med desse, med assistert utreise. Norske styresmakter kan dessverre ikkje tilby den same bistanden til andre utanlandske statsborgarar, skriv Utanriksdepartementet til NRK.

    Så langt har UD hjelpt rundt 300 norske borgarar og personar med tilknyting til Noreg med utreise frå Gaza.

    – Det har vore og er svært krevjande å få personar frå Gaza over grensa til Egypt.

    Vanessa Yaghi saman med døtrene Ayla (3) og Asya (2)
    Foto: Eli Bjelland / NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no