Hopp til innhold

Deportert frå Noreg – fryktar han blir tvinga inn i Putin sin hær

Onsdag er ein 46 år gamal tsjetsjensk mann tvangsutsend frå Noreg. Militærnektaren meiner UDI sender han rett til fronten i Ukraina.

Ein ukrainsk soldat installerer ei lunte for eit 155 mm artillerigranat før skudd mot russiske stillinger fra en amerikansk-levert M777-haubits i Kharkiv-regionen, Ukraina.

REDD FOR Å BLI SOLDAT: Tsjetsjensk militærnektar er redd for å bli sendt til Russland for å kjempe dersom han blir sendt ut av Noreg, slik soldatane på bildet gjer.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP

For eit par dagar sidan fekk den 46 år gamle mannen beskjeden frå Politiets utlendingseining – han blir deportert frå Noreg.

Asylsøknaden blir avvist og tsjetsjenaren blir sendt til Kroatia, der han først kom då han flykta frå Russland.

46-åringen, som har nær familie i Noreg, fryktar han blir sendt vidare til Russland frå Kroatia.

Der kan han bli tvinga til å delta i ein krig han ikkje støtter.

– Me har sat himmel og jord i rørsle for å hindre at han transporterast ut av landet, seier hans advokat, Jostein Løken, til NRK.

No er mannen sendt ut, opplyser Løken. Politiets utlendingseining vil ikkje kommentere opplysningane.

Bildet gjennom gjerdet til Tradum Interneringsleir.

BAK LÅS OG SLÅ: Militærnektaren har vore i Trandum i fem veker, då han kom til Noreg for å besøke familien.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Fryktar for mannens tryggleik

Mannen kom til Noreg i midten av mai. Sidan då har han sete på Trandum interneringsleir og venta på avgjersle i saka si.

Han har tidlegare hatt opphaldsløyve i Noreg, men blei utvist i forbindelse med ei straffesak.

Utvisingsperioden er no over. Då mannen drog frå Tsjetsjenia, var han innom Kroatia på vegen til Noreg. Ifølge advokaten hans hevdar han at han måtte registrera seg der for å få lov til å reise vidare.

Ifølgje Dublin-avtala, som Noreg er ein del av, skal ein søknad om asyl bli behandla av det landet som søkjaren først kjem til.

Utlendingsdirektoratet (UDI) meiner difor at det er Kroatia som må behandle søknaden til 46-åringen.

Det meiner mellom anna Den norske Helsingforskomiteen er ein dårleg idé.

I ein utsegn til UDI skriv komiteen at dei meiner saka krev særskild merksemd og at dei er bekymra for korleis asylsøknadar blir behandla i Kroatia.

– Me fryktar sterkt for hans sikkerheit og velferd om han blir returnert til Russland.

Dei viser mellom anna til at fleire land vel å ikkje sende asylsøkjarar til Kroatia, grunna bekymring knytt til tvangsreturar til nettopp Russland.

Det gjeld også søkjarar som eigentleg skal returnerast til eit anna land under Dublin-avtala.

Direktør Frode Forfang i UDI på pressemøte torsdag om året som gikk og fremtidsutsikter for 2018.

UDI vil sende tsjetsjenaren vidare til Kroatia for å behandle asylsøknaden hans.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

UDI: Ikkje i strid med menneskerettane

Som militærnektar har ein vanlegvis mindre sannsyn for å få asyl eller annan vern, heiter det i skrivet.

– Eg fryktar for hans liv og sikkerheit når han returnerast, seier advokat Løken.

– Me veit at Russland har henta menn frå del-republikkar for å krige i Ukraina. Han har heile familien sin i Noreg og det er viktig også for dei at han får bli, legg han til.

Advokat Jostein Løken

Jostein Løken er den tsjetsjenske mannens advokat.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

UDI seier i ein kommentar til NRK at dei ikkje kan kommentere saka til 46-åringen konkret. Dei presiserer at dei alltid gjer ein individuell vurdering av alle forhold knytt til slike søknadar.

Les også Kan kastes ut av Norge – frykter å kjempe for Putin i Ukraina

Russia Ukraine

I ein e-post til NRK skriv Wenche Fone, direktør for verneavdelinga i UDI, at kroatiske myndigheiter er bundne av reglar frå Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMK) på same vis som Noreg.

Samstundes skriv Fone at UDI er kjend med at det har vore retta kritikk mot deler av asylprosessen i landet.

– UDI er derimot ikkje kjend med at det finst rapportar frå internasjonale organisasjonar som konkluderer med at forholda for asylsøkjarar i Kroatia på generelt grunnlag er i strid med EMK artikkel 3.

Les også Norsk-tsjetsjener kjemper for Ukraina i «kjøttkvernen» Bakhmut

Kamper i Bakhmut

Behandling av militærnektarar på pause

80 russiske statsborgarar har søkt asyl i Noreg frå januar til mai i år. 38 har blitt sendt ut av landet etter dublinavtalen.

Tidlegare i år vedtok UDI å pause behandlinga av saker som gjeld militærnektarar, då dei er usikre på korleis dei skal behandlast.

Då sa UDI at dei venta på praksisavklaring for å sikre at dei hadde nok informasjon til å ta dei rette avgjerdene.

Det gjeld framleis, stadfestar dei i ein e-post til NRK tysdag kveld.

– Me arbeider med å avklare praksis for russarar som fryktar mobilisering, skriv Wenche Fone, direktør for UDI vern, i e-posten.

Dei ventar på også eit koordinert europeisk arbeid, legger ho til.

UDI kan per i dag ikkje seie noko om kor lang tid det vil ta før praksisen for denne gruppa er klar.

AKTUELT NÅ