Hopp til innhold

Ho fryktar døtrene skal mista faren sin i Gaza. No gjer Vanessa alt for å få han ut.

Faren til norske Ayla (3) og Asya (2) er såra etter eit bombeangrep i Gaza. Mamma Vanessa Yaghi gjer no alt ho kan for å få han ut. – Jentene treng pappaen sin, seier ho.

Vanessa Yaghi saman med døtrene Ayla (3) og Asya (2)

Vanessa Yaghi bur saman med døtrene Ayla og Asya i ei leilegheit på Stord. Ho er uroa for kva som skjer med mannen Jaber i Gaza.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Der er pappa!

Ayla og Asya peikar på mobilen til mamma.

Gamle bilete viser jentene saman med ein smilande pappa. På dei nye har han bandasje og blod i ansiktet. Smilet er vekke.

– Pappa aua, seier dei og tek seg til hovudet.

Ayla Yaghi ser på bilete av pappa Jaber Yaghi

Ayla ser på bilete av pappaen Jaber på mobilen til mamma.

Jaber Yaghi saman med dottera Ayla

Her Ayla saman med pappa i Gaza.

Jaber Yaghi saman med dottera Asya

Og her er veslesøster Asya saman med pappa i Gaza.

Jaber Yaghi

Jaber Yaghi blei såra i eit israelsk bombeåtak mot huset han budde i i byen Deir al-Balah natt til 23. februar.

Huset i Gaza bomba

Vanessa Yaghi kjempar mot tårene heime i leilegheita på Stord, sør i Vestland.

Kvar dag i fem månader har 28-åringen frykta for livet til mannen sin, Jaber Yaghi, i Gaza.

Ho har søkt hjelp frå mange. I eit brev til kongen skriv ho:

Eg kan ikkje risikera at barna mine aldri få sett han igjen dersom det skjer verre ting. Han har to små barn med norsk statsborgarskap. Ein klarer ikkje å pusta normalt. Eg er åleine med dei små og dei treng pappaen sin. Eg ber inderleg om hjelp og endringar i systemet.

Vanessa Yaghi i brev til kongen

Natt til 23. februar small det. Huset Jaber budde i saman med fleire familiemedlemmer i Gaza, blei bomba.

Minst 58 menneske blei drepne i israelske åtak mot byen Deir al-Bala og ein flyktningleir like utanfor den natta, opplyser helsestyresmakter og ein journalist til nyheitsbyrået AP. Fleire av dei drepne var barn.

Her ser du korleis huset såg ut etter åtaket:

I ei tekstmelding til NRK skriv Jaber Yaghi at livet i Gaza er svært vanskeleg.

– Me er rundt 100 personar som no bur i eit anna hus, men det er også øydelagt. Det finst ingen trygge plassar. Det er ein massakre som føregår på Gaza og folk svelt.

Les også Her ligg 12 år gamle Yazan utmagra på sjukehus i Gaza

Yazan al-Kafarna ligg i ei sjukehusseng i Rafah på Gazastripa.

Fleire enn 31.000 menneske er drepne i israelske åtak mot Gazastripa sidan oktober, ifølgje palestinske helsestyresmakter.

– Takk Gud for at kona og barna mine er ute av Gaza. Eg ber om at eg får sjå dei igjen så snart som mogleg. Håpet mitt er at krigen tek slutt, og at eg får leva i fred saman med familien min, skriv Jaber Yaghi.

Jaber og Vanessa Yaghi

Jaber og Vanessa Yaghi saman med yngstedottera Asya i Gaza.

Foto: privat

Har starta pengeinnsamling

Vanessa Yaghi kom sjølv til Noreg frå Tyskland som 13-åring då foreldra fekk jobb her. Ho har vore norsk statsborgar sidan årsskiftet 2012/2013.

Seinare møtte ho Jaber på ein tur til Gaza. I 2017 gifta dei seg, og i to periodar har dei budd saman i Gaza.

Men i april i fjor tok ho døtrene med seg til Noreg fordi ho synest det blei for utrygt.

Ayla og Asya Yaghi

Ayla og Asya held eit bilete av pappaen Jaber. I fjor vår reiste dei saman med mamma frå uro i Gaza til Noreg. Pappa blei igjen.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Sunnhordland har tidlegare skrive om Vanessa.

No bur den vesle familien hans i trygge Noreg. Og kjempar for å få pappa heim.

– Eg har det veldig vanskeleg akkurat no. Eg prøver å skjula det så godt som eg kan for jentene mine. Det kjennest ut som det er ein film, men det er jo dessverre sant, seier Vanessa Yaghi.

Ho har starta pengeinnsamling for å få den skadde mannen sin ut av Gaza.

NRK har tidlegare fortalt om desperate palestinarar, som betaler høge summar for å få koma seg over grensa frå Gaza til Egypt.

– Det kostar nesten 58.000 kroner per person som vil ut, ifølgje Yaghi.

Les også Han selde alt han eigde for å komme seg ut av Gaza

ein mann bakfrå. har på skinnjakke. telt i bakgrunnen

Tener ikkje nok til at mannen kan få opphald i Noreg

Jaber Yaghi har fått avslag på søknad om familiegjenforeining av Utlendingsdirektoratet (UDI) og seinare hos Utlendingsnemnda (UNE).

I det første avslaget frå UDI er det vist til at ekteskapet ikkje er anerkjent. Grunnen er at Vanessa ikkje var til stades då ho gifta seg med Jaber i Gaza.

Vanessa forklarer at ho på det tidspunktet ikkje fekk innreise til Gaza fordi det var uroleg i området.

No er det Statsforvaltaren som behandlar saka om ekteskapet skal godkjennast.

I seinare avslag blir det vist til at Vanessa ikkje tener nok pengar til at mannen kan få opphald.

Ho jobbar på sjukeheimen på Stord. Då søknaden om familiegjenforeining blei sendt, var ho gravid og seier ho ikkje klarte å jobba så mykje.

– No jobbar eg så mykje eg kan for å klara å innfri kravet.

Det såkalla underhaldskravet er ei samla inntekt på 320.274 kroner i året før skatt, opplyser UDI.

Vanessa Yaghi med døtrene Ayla og Asya

Vanessa Yaghi legg puslespel saman med døtrene Ayla og Asya.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Vektlegg ikkje dei menneskelege omsyna mest

Jaber Yaghi har gitt samtykke om å løysa UDI for teieplikta i saka hans.

At partane har felles norske barn har særleg betyding for vurderinga av unntak frå underhaldskravet, men det er ikkje i seg sjølv ein tilstrekkeleg grunn til unntak, ifølgje UDI.

Dei menneskelege omsyna i denne saka blei vurdert til ikkje tilstrekkeleg tungtvegande til å gi eit opphaldsløyve.

Saber Baïli, einingsleiar i UDI Opphald

Meiner saka er eit grotesk døme

Det er advokat Trygve Tveter som har ført saka til Jaber Yaghi om familiegjenforeining.

– Det er rett og slett grotesk at ein skadd pappa som lever under umenneskelege forhold i Gaza, ikkje skal få koma til Noreg til si norske kone og to mindreårige barn.

Tveter har jobba med utlendingsfeltet i nesten 50 år. Først i fleire departement og i UDI, og dei siste 30 som advokat.

Han seier det altfor sjeldan blir vist til «menneskelege omsyn» i behandlinga av søknader om familiegjenforeining.

– Det er ein heimel som i praksis er valt vekk, og det er nesten ikkje til å forstå.

Norsk organisasjon for asylsøkjarar, Noas, meiner også at praksisen er uforståeleg.

– Dette er dessverre nok eit døme på at dei har ei altfor snever utøving av dette skjønnet som handlar om sterke menneskeomsyn, meiner seniorrådgivar Jon Ole Martinsen.

– Dette dreier seg om norske barn. Norske barn som skal bu her i Noreg, og deira behov for å kunna leva med begge sine foreldre.

Jon Ole Martinsen, talsperson NOAS

Jon Ole Martinsen i Noas meiner det i altfor liten grad blir vist til barnets beste i innvandringssaker.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

UDI svarer at dei alltid vurderer om dei skal gi opphald av sterke menneskelege omsyn, dersom alle vilkåra for familieinnvandring ikkje er oppfylte.

I 2023 blei 77 søknader om familieinnvandring innvilga på grunn av sterke menneskelege omsyn. Det er ein nedgang frå åra før.

I 2022 var talet 98, i 2021 var det 106 og i 2020 var det 94, viser tala UDI har sendt NRK.

Vanessa Yaghi lever i konstant uro, og føler ho har prøvd alt for å få hjelp.

Det største håpet er jo at krigen snart tek slutt. Og at Noreg og styresmaktene her vaknar litt. Og at han snart kjem til oss. Det er det eg håpar på.

Tysdag kveld var det ikkje noko nytt med utreise for mannen hennar. Rundt 20 norske borgarar og personar med norsk tilknyting er framleis i Gaza.

Vanessa Yaghi

Vanessa Yaghi har eit håp om å få mannen Jaber ut av Gaza, men synest det er vanskeleg å leva med usikkerheita.

Foto: Eli Bjelland / NRK