Hopp til innhold
Gruvemotstandarar i Vevring.
Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Gruvedrift i Førdefjorden

Oppsummert

Selskapet Nordic Mining skal utvinne rutil og granat fra Engebøfjellet i Nordfjord.

  • Nordic Mining-aksjen rasar

    Engebø-prosjektet til Nordic Mining er fullfinansiert. Det kjem fram i ei børsmelding.

    Gruveselskapet måtte gi 75 prosent rabatt for å få inn 940 millioner kroner i ein retta emisjon.

    Ifølgje E24 raser Nordic Mining-aksjen på Oslo Børs. Japanske Iwatani, gruvefondet Orion og Svelland Capital er blant aksjonærane som har gått inn med pengar.

    – Det var naudsynt å fråvike fortrinnsrettigheitane for å få gjennomført emisjonen innanfor tidsrammene og sikre finansiering og framdrift av Engebø-prosjektet, seier Nordic Mining-sjef Iver S. Fossum i ei pressemelding.

    Gruveprosjektet ved Førdefjorden er omstridd fordi selskapet har fått løyve til å dumpe gruveslam i fjorden.

  • Pyritt-sal kan minske deponi

    Dersom Nordic Mining får kjøparar til pyritt, så kan det bli mindre å dumpe i Førdefjorden. Det melder selskapet i ei børsmelding. Jernsulfidet er noko av det som blir til overs når dei vinn ut rutil frå den planlagde gruva i Vevring. Dei samarbeidar no med selskapet Green Tail Holding om å finne ein marknad for pyritt, som mellom anna kan bli brukt i papir og batteri.

    Anleggsvegen opp til Engebøfjellet
    Foto: Oddgeir Sæle / NRK
  • KLP: – Naturrisikoen ved gruvedrift til havs er for høy

    Kommunenes Landspensjonskasse (KLP) har levert sitt høringssvar til konsekvensutredningen om havbunnsmineraler.

    KLP ber om en total stans i all utvinning inntil videre, på grunn av mangel på kunnskap og stor miljørisiko.

    «KLP oppfatter at konsekvensutredningen, med underliggende fagrapporters vektlegging av mangelfullt kunnskapsgrunnlag, tilsier at naturrisikoen ved gruvedrift til havs er for høy til at det bør åpnes for kommersiell aktivitet nå», heter det i høringssvaret.

  • Grunneigarar ankar gruvetvist

    Artic Mineral Resources (AMR) ankar dommen frå Borgarting lagmannsrett i søksmålet mot Nordic Rutile. Striden står om Nordic Rutile har rett til å vinne ut mineral i Engebøfjellet. AMR er eigd av fleire grunneigarar kring Engebøl. Selskapet ynskjer å vinne ut granat utan dagbrot og deponi.

    Engebø i Sunnfjord
    Foto: ODDMUND REISÆTER HAUGEN / NRK
  • Trekkjer seg frå omstridt gruveprosjekt

    Nordea har selt seg ut av gruveselskapet Nordic Mining som vil starta gruvedrift ved Førdefjorden.

    – Sjølv om det finst formell godkjenning av dumping av masse i sjøen frå myndigheitene, så trur ikkje me at dette er noko våre fondskundar ønskjer at me investerer i, seier Eric Pedersen, leiar for berekraftige investeringar i Nordea i ei pressemelding. Natur og Ungdom meiner dette er ein viktig seier for miljøet, og trur det blir vanskeleg for Nordic Mining å få finansiert prosjektet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no