Hopp til innhold

Miljøvernorganisasjonane ankar Førdefjord-dommen

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom ankar dommen i saka om gruvedumping i Førdefjorden, skriv førstnemnde i ei pressemelding.

Det er klart etter eit einstemmig vedtak gjort i landsstyret i Naturvernforbundet onsdag kveld.

– Dommen bygger på ei feiltolking av vassdirektivet, seier leiar Truls Gulowsen.

– Tingretten har tillate omfattande ureining av Førdefjorden, og den har punktert ei av de viktigaste verna til fjordar, vann og elver. Det kan vi ikkje leve med.

Selskapet Nordic Mining skal vinne ut rutil og granat frå Engebøfjellet i Nordfjord.

Miljøorganisasjonane har saksøkt staten for å ha gitt løyve til å dumpe 170 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden.

I den første dommen i Oslo tingrett 10. januar tapte dei på alle punkt, og blei dømde til å betale 1,4 millionar kroner i sakskostnader.