Hopp til innhold

Nordic Mining i pluss i fjerde kvartal

Gruveselskapet, som står bak prosjektet i Engebøfjellet, melder om eit resultat før skatt på 19,3 millionar kroner i fjerde kvartal. Selskapet er i ein utviklingsfase og har derfor ikkje inntekter, men i kvartalet blei det bokført ein valutagevinst på 24,2 millionar kroner som løftar resultatet over i pluss. I fjerde kvartal året før var resultatet før skatt på minus 40,8 millionar kroner.