Naturvernforbundet og Natur og Ungdom har tapt fjordsøksmålet i Oslo tingrett. Staten får medhald for si tillating til å deponere gruveavfall i Førdefjorden.
Dommen fall onsdag ettermiddag.
Det politiske slaget om sjødeponiet har gått føre seg meir eller mindre sidan 2006, og i november varsla Oslo tingrett at dei måtte utsette dommen på grunn av «kompleksiteten og varigheita» i saka.
– Vi er både sinte og skuffa. Denne dommen er ei krise for naturens rettsvern i Noreg, seier Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet.
Gruveselskapet er alt i gang med bygginga av anlegget, og produksjonen skal starte seinare i år.
Konflikten rundt Førdefjorden samanfatta.
I 2016 var Verdens naturvernunion samla på Hawaii. 53 statar støtta eit vedtak om å stoppe deponering av gruveavfall i sjø. Berre Noreg og Tyrkia stemte imot.
– Denne dommen er heilt feil! Fjordsøksmålet har avslørt store svakheiter og feil i måten norske styremakter behandlar naturen på, seier nyvald leiar Gytis Blazevicius i Natur og Ungdom.
Miljørørsla har i alt brukt 4,4 millionar kroner på saka.
I dommen kjem det fram at dei må betale 1,4 millionar i sakskostnader til staten, på toppen av dei rundt 3 millionane dei har brukt sjølve.
– Eg er utruleg skuffa over at retten har straffa organisasjonane dobbelt ved å idømme oss statens sakskostnader på heile 1,4 millionar kroner, seier Gulowsen.
– Eg er trygg på at vi skal vinne, sa leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen før dommen fall. Her saman med Gina Gylver.
Foto: Torbjørn Brovold / NRK- Vi har både jusen, fornufta og naturen på vår side, seier Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet.
Foto: Torbjørn Brovold / NRKSelskapet Nordic Mining har heilt sidan 2006 jobba for å få vinne ut mineralet rutil. Dei har også planlagt utvinning av granat.
Foto: Torbjørn Brovold / NRK– Medhald på alle punkt
Regjeringsadvokaten har ført saka på vegner av Klima- og miljødepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet.
– Staten er naturlegvis godt nøgd med resultatet. Det er tale om ein særs omfattande og grundig dom, der alle relevante spørsmål i saka blir gitt ei detaljert behandling med forankring i bevisa, seier advokat Henrik Vaaler.
– Saka om gruva på Engebø har skapt mykje debatt. Tingretten gir ei grundig vurdering av mange av spørsmåla som har vore omdiskuterte, og konkluderer med at desse har vore forsvarleg greia ut. Staten håper at det kan danne grunnlag for god og kunnskapsbasert debatt om bruk av sjødeponi framover.
Staten har gitt gruveselskapet Nordic Mining løyve til å drive ope dagbrot i Engebøfjellet.
Foto: Oddmund Haugen / NRKKina kontrollerer 98 prosent av sjeldne jordartar som Europa treng til det grøne skiftet. I tillegg har kinesarane bukta og begge endene i fleire av verdikjedene.
Foto: Oddmund Haugen / NRKI tillegg til «primær-argumenta» hevdar saksøkjarane at sjødeponiet er i strid med forureiningslova (paragraf 11) og Grunnlova (paragraf 112). Dei vil i tillegg leggje vekt på at det finst eit betre alternativ til sjødeponi: såkalla underjorddrift.
Foto: Oddmund Haugen / NRK– Den geopolitiske situasjonen gjer at mineralnæringa står framfor viktige år. Mineral er i ferd med å bli mangelvare, seier stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane, Olve Grotle (H). Her saman med Høgre-kollega Bård Ludvig Thorheim.
Foto: Oddmund Haugen / NRKSpørsmålet retten tok stilling til er om løyvet til sjødeponi i Førdefjorden er i samsvar med EU-retten, som Noreg er forplikta av gjennom EØS-avtalen.
Ja, meiner staten.
Nei, påstår saksøkjarane, og viser til «klare saksbehandlingsfeil».
Heilt konkret meiner saksøkjarane at staten har forbrote seg mot to prinsipp: vassrammedirektivet og mineralavfallsdirektivet.
Tala viser kor mykje som maksimalt er lov å sleppa ut. Kartet er oppdatert per januar 2022.
Foto: HavforskingsinstituttetKritisk til dommen
Kort tid etter dommen kom dei første politiske reaksjonane.
– Denne dommen står i skarp kontrast til kunnskapen vi har om naturen og tilstanden han er i. Dersom lovverket ikkje kan beskytte den sårbare fjordnaturen mot inngrep, må vi stramme inn, seier Sofie Marhaug, stortingsrepresentant frå Raudt.
Sofie Marhaug sit på Stortinget for Raudt.
Foto: Tony Ågotnes / NRKUne Bastholm i MDG seier mange er skuffa.
– Særleg alle som er glade i norsk natur og Førdefjorden og har kjempa for han i årevis. Men kampen for livet i fjorden og havet stoppar ikkje her!
– At retten vel å sende heile rekninga for sakskostnader på 1,4 millionar kroner til miljøorganisasjonane er ein lei hersketeknikk. Det hindrar demokratisk tilgang til rettsstaten.
Une Bastholm frå MDG reagerer på sakskostnadene.
Foto: William Jobling / NRKOgså lokale politikarar reagerer.
Åsmund Berthelsen (SV) er kommunestyremedlem i Sunnfjord og fylkestingsmedlem i Vestland.
Han meiner retten har sett vekk frå alle innvendingar mot å ureine fjorden.
– Eg er sjølvsagt svært skuffa, men dommen var ikkje uventa. Den viser kor svakt rettsvern naturen har, og kanskje spesielt i rettspraksis.
Andre organisasjonar reagerer også på utfallet av dommen, mellom anna miljøorganisasjonen Sabima, som arbeider for å stanse tapet av naturmangfald.
– Vi reagerer også på korleis avgjersla tilkjenner sakskostnader på ein måte vi meiner vil skremme andre organisasjonar frå å prøve miljøsaker for retten, og som dermed er i strid med Århuskonvensjonen – som Noreg er forplikta av, seier generalsekretær Christian Steel.
Nordic Mining: – Glade
Nordic Mining uttalte før dommen at dei var spente. Etterpå seier leiinga i selskapet at dei er «veldig glade for at dommen er tydeleg og som forventa for oss.»
– Først og fremst er vi glade for at vi no er i full gang med å bygge ut Engebø-prosjektet og skal lage langsiktig eksportindustri og produsere verdas mest klimavennlege titanråstoff i Noreg, seier administrerande direktør Ivar Fossum.
– Vi har brukt veldig lang tid på å utvikle prosjektet, mykje av tida har gått til å greie ut konsekvensar i alle moglege retningar, men og å ta i mot høyringsinnspel, forslag gjennom ulike forvaltningsorgan og høyringspartnarar mellom anna Naturvernforbundet heilt sidan vi starta regulering av prosjektet i 2007.
Ivar Fossum er adm.dir. i Nordic Mining.
Foto: Eldgrim Fossheim / NRKOppdaga sårbare og truga artar i fjorden
Då Miljødirektoratet vurderte søknaden, konkluderte dei med at alternativa med deponi på land eller i ferskvatn «ikkje vil vere vesentleg betre» enn fjorddeponi, men vesentleg dyrare.
I tillegg til dei juridiske omdreiingane, har spørsmålet om sjødeponi fått nytt politisk momentum ved gjentekne tilfelle.
Så seint som i fjor sommar fekk striden ny dynamikk då Havforskingsinstituttet (HI) oppdaga fleire sårbare og truga artar i Førdefjorden enn det som var kjent.
Det er staten som er saksøkt, men gruveselskapet har tidlegare sagt til NRK at dei er «trygge på at driftsløyvet er gitt på eit godt og lovleg fundament, etter gode og lange vurderingar i mange instansar».
Kva er dei miljømessige innvendingane mot sjødeponi? Les artikkel hos faktisk.no her.
Professor Sigrid Eskeland Schütz ved Universitetet i Bergen trur motstandarane av sjødeponi uansett kan notera seg ein delsiger.
– Slik eg ser det har denne rettssaka allereie fått noko å seie. Gjennom søksmålet har det komme fram synspunkt som gjer at forvaltninga har endra praksis.