Naturvernforbundet og Natur og Ungdom sende torsdag morgon omgjeringskrav med varsel om søksmål til Klima- og miljødepartementet.
Det var då gått seks dagar sidan Næringsdepartementet konkluderte med at Nordic Mining får behalde lisensen til å drive eit ope dagbrot i Engebøfjellet i Vevring.
I brevet viser Naturvernforbundet til at gruveselskapet fekk løyve til sjødeponi i Førdefjorden utan at dei måtte greie ut andre og meir miljøvenlege løysingar.
– Det er ein klar saksbehandlingsfeil. Vi ber difor departementet om å trekkje utsleppsløyvet tilbake, seier Truls Gulowsen, som er leiar i Naturvernforbundet.
EU sitt mineralavfallsdirektiv, som vart teke inn i norsk lov i 2012, krev at tiltak for å minimere avfall skal vere «ein vere ein integrert del av planprosessen» (sjå faktaboks).
NRK forklarer
Kva vil Nordic Mining i Førdefjorden?
Gruveselskapet Nordic Mining vil utvinne rutil og granat frå Engebøfjellet i Sunnfjord kommune.
Rutil blir brukt til kvitningsmiddel og som metall i fly og sportsutstyr. Granat blir brukt mellom anna til sliping.
I sjøkanten ved Engebøfjellet skal eit prosessanlegg knuse stein. Herifrå vert rutil og granat sendt ut i verda med skip.
Medan gruveavfallet vert deponert på botn av fjorden. Selskapet anslår mengda til 1,2 - 1,3 millionar tonn årleg.
Gruveplanane har vore omstridde. Då anleggsarbeidet starta opp, var aksjonistar til stades for å stogge arbeidet.
6. mai blei det kjent at Nærings- og fiskeridepartementet held fast ved driftsløyvet.
Strid om dateringa
Eit argument mot søksmålet er at søknadene for avfallshandtering i dette tilfellet vart send til Miljødirektoratet i 2009, altså før mineralavfallsdirektivet vart teke inn i norsk lov.
Til det vert det innvendt at vedtakstidspunktet var i 2015, altså tre år etter at mineralavfallsdirektivet vart gjorde gjeldande. Og der står striden.
Gulowsen legg til at deira syn samsvarer med synet til Eftas overvakingsorgan ESA.
I eit brev til Klima- og miljødepartementet datert 8. oktober 2021 skriv ESA at fleire føresegner i EU sitt mineralavfallsdirektiv ikkje er «tilstrekkeleg gjennomført» i norsk lovgiving, og at Noreg på den måten har brote EØS-avtalen.
I 2016 var Verdas naturvernunion samla på Hawaii. 53 statar støtta eit vedtak om å stoppe dumping av gruveavfall i sjø. Berre Noreg og Tyrkia stemde imot.
AKSJONAR: Organisasjonane Naturvernforbundet og Natur og Ungdom meiner at utsleppsløyvet til gruvedrift bryt med EUs mineralavfallsdirektiv og avfallsforskrifta.
Foto: AMANDA IVERSEN ORLICH / Natur og ungdom– Heile prosessen må stanse
Ei kartlegging gjort av NRK viser at fleire parti på Stortinget resonnerer på same vis som Naturvernforbundet.
- Lars Haltbrekken (SV): – Det er all grunn til å sjå på dei juridiske sidene av denne saka. Mineralavfallsdirektivet var gjeldande for Noreg då løyva vart gitt.
- Sofie Marhaug (Raudt): – Vi tvilar sterkt på at driftsløyvet er i tråd med forpliktingane våre. Mykje har skjedd sidan løyvd er gitt. Å setje i gang med anleggsarbeidet er fullstendig uforsvarleg.
- Arild Hermstad (MDG): – Heile prosessen må stansast inntil ESA kan konkludere om driftsløyvet er lovleg.
- Alfred Bjørlo (V): – Regjeringa og Vestre hadde sjansen til å stanse gruvedumpinga i sjø på bakgrunn av EUs mineralavfallsdirektiv. Den sjansen har dei ikkje gripe.
– No må det setjast ein strek
Høgre og Frp, på si side, meiner det må vere søknadstidspunktet – ikkje vedtakstidspunktet – som er avgjerande.
- Sivert Bjørnstad (Frp): – No må det setjast ein strek for omkampar. Her vil det verte skapt arbeidsplassar og verdiar som lokalsamfunnet og storsamfunnet har stor bruk for.
- Ove Trellevik (H): – Anken er no grundig behandla av departementet, og dette har regjeringa brukt lang tid på. No må vi komme i gong.
Kenneth Nakken Angedal er direktør i gruveselskapet Nordic Mining.
– Vi er trygge på at driftsløyvet er gitt på eit godt og lovleg fundament, etter gode og lange vurderingar i mange instansar, seier han.
TRYGG GRUNN: – Vi er trygge på at driftsløyvet er gitt på eit godt og lovleg fundament, seier Kenneth Nakken Angedal, driftsdirektør i gruveselskapet Nordic Mining.
Foto: Eirin Tjoflot / NRKAvsluttar aksjoneringa
Natur og Ungdom avsluttar i dag ein to veker lang aksjon for å stanse arbeidet med å klargjere tomta for bygging av gruveanlegget. I alt har 75 demonstrantar vore involvert.
– Aksjonen har vore svært vellykka. Vi har fått mykje merksemd frå media og stor støtte frå befolkninga, seier Gina Gylver, leiar i Natur og Ungdom.
Klima- og miljødepartementet har tre veker på seg til å komme med eit svar på omgjeringskravet.
Om kravet ikkje blir teke til følgje, blir det opp til landsstyra i Naturvernforbundet og Natur og Ungdom om det skal reisast søksmål mot staten.