Medan Naturvernforbundet og Natur og Ungdom har varsla eit søksmål mot staten for å stogge gruveløyvet, bygger Nordic Mining for full maskin på anleggsområdet.
Administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar Sund Fossum, er optimistisk til at finansiering av prosjektet vil kome i orden.
– Vi håpar ganske raskt å få alt på plass. Vi er særdeles optimistiske tilknytt finansieringa av Engebø, seier han.
Sidan 2006 har gruveselskapet jobba for å få starte gruvedrift ved Engebøfjellet ved Førdefjorden i Sunnfjord kommune.
Allereie er om lag 100 millionar kroner investert på staden.
Det børsnoterte selskapet har kjøpt ut grunneigarar, og bygger no anleggsvegen opp til Engebøfjellet der dei skal hente ut minerala.
I tillegg skal dei gjere klare tomter til driftsbygga.
PÅ PLASS: Arbeidet med å gjere klar til gruvedrift er i full gong.
Foto: Oddgeir Sæle / NRKDå Nærings- og fiskeridepartementet i mai i år gav selskapet endeleg driftsløyve, var det berre eit spørsmål om tid før arbeidet var i gong.
For å kunne begynne sjølve gruvedrifta har selskapet eit finansieringsbehov nærare 2.5 milliardar kroner, ifølge Finansavisen.
– Ikkje underleg at dei startar
Det seier Øyvind Norli, finansprofessor hjå Handelshøyskolen BI.
Om selskapet veit at det ikkje kjem til å bli vanskeleg å skaffe investorar, og har kapital til å sette i gang, er det ikkje underleg at dei startar arbeidet, fortel Norli.
Heller ikkje førsteamanuensis ved instituttet for geovitenskap og petroleum på NTNU, Kurt Aasly, meiner at det Nordic Mining gjer på Engebø er utanom det vanlege.
– Det er sjølvsagt ønskeleg med høg grad av sikkerheit i finansieringa, men det er ikkje sikkert at det lukkast å sikre heile kapitalbehovet umiddelbart. Utbygging skjer i enkelte tilfelle gjerne i etappar, der kvar etappe startar opp når finansiering er sikra, forklarar han.
Henta ut ein halv milliard
Driftsdirektøren er ikkje bekymra for å få på plass pengane.
– Vi satsar på å ferdigstille finansieringspakken i løpet av kort tid, fortel Kenneth Nakken Angedal, driftsdirektør i Nordic Mining.
Nordic Mining henta nyleg ut omtrent ein halv milliard kroner etter å ha lukkast i å realisere eigarposten sin i Keliber Oy i Finland.
Ifølge administrerande direktør Fossum vil mesteparten av dette gå inn i finansieringspakken for prosjektet på Engebø.
HEKTISK: Nordic Mining planlegg med å få henta ut mineral innan 2024. Det stadfestar driftsdirektør i Nordic Mining, Kenneth Nakken Angedal.
Foto: Oddgeir Sæle / NRKMange kampar
Prosjektet har teke tid. I løpet av dei siste femten åra har selskapet vore gjennom fleire kampar for å få løyve til å drive.
I tillegg til dette har miljøorganisasjonar kjempa mot at drifta skal kome i gang. I vår måtte politiet nær dagleg hente demonstrantar på anleggsområdet.
Fossum trur spesielt tida det har tatt for å få på plass dei nødvendige løyva, er årsaka til at investorane har latt vente på seg.
– Eg trur nokon har blitt usikre på om dette har latt seg gjere i Noreg, men no er alle løyva på plass.
Mykje støy rundt eit prosjekt kan potensielt skremme investorar, forklarar Kurt Aasly ved NTNU. Han viser mellom anna til då gruveselskapet Nussir mista ei milliardkontrakt med kobbergiganten Aurubis sommaren 2021.
– Investeringsviljen kan ofte vere knytt opp mot omdømmeutfordringar. Investorar vil ikkje bli assosiert med prosjekt som kan hevdast å ikkje ta omsyn til miljø, berekraft, lokalbefolkning, minoritetar og liknande, fortel Aasly.
Han legg til at det norske regelverket er strengt og dei norske gruveselskapa er gode til å vise ansvar.
Både Angedal og Fossum i Nordic Mining er optimistiske til at utvinninga av rutil og granat er i gang i 2024.