Hopp til innhold

Miljørørsla ankar Førdefjord-dommen

Miljøorganisasjonane fortset kampen for å stanse planane om gruveavfall i Førdefjorden. Men det kan bli dyrt.

Nordic Mining, Engebø prosjektet

FØRDEFJORDEN, SUNNFJORD: Naturvernforbundet og Natur og Ungdom ankar dommen i det såkalla «fjordsøksmålet».

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom ankar dommen i det såkalla «fjordsøksmålet» om deponering av gruveavfall i Førdefjorden.

Det er klart etter eit ekstraordinært landsstyremøte i Naturvernforbundet i ettermiddag.

Anken er einstemmig.

I den første dommen i Oslo tingrett 10. januar tapte dei to miljøorganisasjonane på alle punkt.

Saksøkarane blei også dømt til å betale sakskostnadene for staten på 1,4 millionar kroner, inkludert ein omstridd flybillett til 122.000 kroner.

Tidlegare i veka uttrykte derfor leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen, at det var usikkert om organisasjonen kunne «ta sjansen på eit nytt tap».

Det utruleg dyrt og ressurskrevjande å føre denne saka for domstolane. For oss er dette ein stor økonomisk risiko, sa han.

I alt brukte miljøorganisasjonane 2,2 millionar kroner på saka i første runde.

Prislappen har reist spørsmål ved om kostnaden ved å prøve miljøsaker i norske domstolar bryt med dei internasjonale forpliktingane våre.

Århuskonvensjonen slår fast at folket har «rett til å få prøvd avgjerder som har verknad for miljøet av eit kompetent overprøvingsorgan utan at dette er uoverkommeleg dyrt».

To klimasøksmål har blitt avgjort i løpet av januar, og i begge tilfeller har det blitt bråk om regningen i etterkant.
Fly på første klasse

Regjeringa fører FN bak lyset

Marius Gulbranson Nordby, som er medlem i den internasjonale juristkommisjonen, meiner prisen for å prøve norske miljøvedtak er «over terskelen som Århuskonvensjonen set» og at styresmaktene fører FN bak lyset ved hjelp av taltriksing.

Bakgrunnen er rapporteringa til Århuskonvensjonen i 2021. 10 av 41 land rapporterte at miljøorganisasjonane hadde problem med høge sakskostnader.

Noreg var ikkje blant dei, og skreiv i staden:

«Viss saka ikkje blir løyst der eller viss ho blir fremja for tingretten direkte, kjem det ein kostnad på 5125 NOK viss hovudforhandlinga er sett til éin dag. I tillegg til rettsgebyret kjem sidekostnader, eventuelle sakskostnader, kostnad for juridisk hjelp.» (side 30)

Les også Staten anker dommen fra Oslo tingrett i klimasøksmålet

Grane

I ein kommentar hos Harvest Magazine skriv Nordby at «anslaget om at prøving i norske domstolar kostar 5000 kroner ligg så langt unna sanninga at det verkar uærleg. Ein slik lemfeldig omgang med sanninga illustrerer ei nonchalant haldning til forpliktingar på miljøfeltet i Noreg.»

Noreg skil seg frå Danmark, Finland og Sverige ved at vi ikkje har høve til uavhengig, rask og rimeleg overprøving av vedtak som fattast av direktorat, departement eller regjeringa.

Førdefjoren Rettsak i Tinghuset

Sidan dommen i Oslo tingrett har 2398 personar meldt seg inn i Naturvernforbundet, som nå har 39.500 medlemmer.

Foto: Torbjørn Brovold / NRK

Det er eit rettssikkerheitsproblem

Den regjeringsoppnemnde Domstolkommisjonen gjekk gjennom 6000 tingrettsdommar i perioden 2009-2018, og fann at sakskostnadene nesten dobla seg (opp 92 prosent).

Rapporten er nå på bordet hos regjeringa, som har eit klart ønske om å få ned kostnadsnivået i norske domstolar (sjå under).

Ragna Aarli er professor ved juridisk fakultet i Bergen og var medlem i Domstolkommisjonen.

Kostnadsnivået i sivile saker er generelt svært høgt. Det er eit rettssikkerheitsproblem som ikkje berre gjeld miljøsakene, seier ho.

Ho vil likevel ikkje ha ei uavhengig miljøklagenemnd etter dansk modell.

Eg synest det er synd om viktige saker må takast ut av domstolane på grunn av prislappen. Da er det heller saksbehandlinga det burde gjerast noko med. Hos oss må partane betale for langdryge munnlege forhandlingar i retten som blir gjennomført langt meir konsentrert i nabolanda våre.

Oslo Tingrett en desemberkveld.

Med Århuskonvensjonen som grunngiving blei miljøorganisasjonane spart for delar av kostnadene (300.000,-) i tingretten.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Utgiftene gjekk til advokatar, ikkje dyre flybillettar

I tingretten påpeika dommaren at miljøorganisasjonane ikkje gjorde nok for å avgrense saka, og at ho blei meir omfattande (kostbar) enn ho trong å vere.

Henrik Vaaler hos Regjeringsadvokaten representerte staten i første runde av fjordsøksmålet.

Han deler vurderinga om at norske søksmål er for dyre, men legg til at miljøorganisasjonane har seg sjølve å takke for at fjordsøksmålet ikkje blei rimelegare.

At dei har kravd erstatta 2160 advokattimar berre for tingretten seier sitt. Staten har til samanlikning kravd for 720 timar. Så ja, staten er opptatt av at sakskostnadene for norske domstolar må ned.

Men da må vi sjå på kva som driv dei opp – omfang og timepris for advokatane – og ansvaret for begge ligg i denne saka hos miljøorganisasjonane sjølv, seier Vaaler.

Til dette har Truls Gulowsen, leier i Naturvernforbundet, følgande kommentar:

– Det hadde det vore interessant å høyre kva Regjeringsadvokaten meiner faktisk var verd å diskutere i retten, ettersom haldninga deira gjennomgåande var at alle argumenta våre var irrelevante.

Leiar i Natur og Ungdom, Gytis Blaževičius, legg til:

Forskjellen mellom oss og staten er at utgiftene våre gjekk til advokatar og kunnskapsinnhenting, ikkje dyre flybillettar som kunne vore ein Zoom-call.

Les også Krav om eigen «klimadomstol» etter pengebråk

Nordic Mining, Engebø prosjektet

Advokat Henrik Vaaler hos Regjeringsadvokaten.

Henrik Vaaler hos Regjeringsadvokaten seier miljøorganisasjonane har seg sjølve å takke for at fjordsøksmålet ikkje blei rimelegare.

Foto: Simen Meistad Hermansen / NRK