|
Hans Holmøy. (©Fylkesarkivet) |
Dei første åra dreiv Hans Holmøy skulen saman med broren Oliver, som seinare flytta til Skodje. Begge var dyktige handverkarar i snekkar- og smedfag, og hadde m.a. mykje arbeid på dei nye kyrkjene i Hornindal og Sunnylven. Hans starta skulen etter oppmoding frå folk som meinte at han hadde kunnskapar å lære bort.
Dei første åra tok skulen inn 5-6 elevar, men fekk større omfang då det vart bygt eigen skulebygning i 1865. Hans sin son Ola H. Holmøy (1855 – 1913) tok over som styrar i 1884 og bygde ny, stor skulebygning i 1890. Skulen kunne no ta inn opp til 50 elevar, og gav undervisning i både snekkar-, smed- og målarfag.
Dei fleste elevane kom frå Sogn og Fjordane og Sunnmøre, men Holmøy Arbeidsskule hadde elevar heilt frå Trøndelag til Sørlandet, og jamvel frå Island og Færøyane.
Skulebygningen frå 1890 vart totalskadd av brann vinteren 1930, men alt same året stod ny skulebygning klar. Dette huset står framleis, og har sidan skulen vart lagt ned vorte nytta m.a. til kunstkurs, kunstutstillingar, og som skule- og gardsmuseum.
Holmøy Arbeidsskule vart driven som privat skule av familien Holmøy fram til Hornindal kommune tok over i 1959. I samband med kommunereguleringa i 1964 vart skulen driven av Stryn kommune i eitt år før Eid kommune tok over ansvaret. I 1972 vart Holmøy Arbeidsskule lagt ned og undervisninga flytta til ein ny yrkesskule på Nordfjordeid. Sjå
Skular i Eid.
Les meir om grunnleggjaren
Hans Holmøy, og den private gravstaden på Holmøy under:
Private gravstader.