Dei første åra etter starten vart gymnaset drive som privatskule med økonomisk støtte frå kommunen. Rektor fram til 1964 var Andreas Berg.
Sidan Eids Gymnas var to-årig, søkte ungdom frå heile landet dit, og inntakskrava var harde. I mange år hadde dette to-årige gymnaset beste eksamensresultata i landet. Eids Gymnas hadde i desse åra engelskline og realline. Dei to-årige klassane gjekk ut i 1983.
I 1992 vart Eids Gymnas slege saman med Eid Yrkesskule til Eid v.g. skule.
Eids Gymnas heldt til i 2. etasje i eit stort bygg som kommunen reiste på prestegarden på Mel i 1924, og som husa både folkeskulen, gymnaset og realskulen. Gymnaset hadde skulekjøken i kjellaren. På 1960-talet fekk gymnaset eit tilbygg like ved gamleskulen.
Sjå elles artikkelen
Skulehus på Eid - brann og nybygg.
I 2006 starta skulen ei eiga line for automatiserte produksjonsprosessar i industrien i samarbeid med selskapet
Robotlaben AS som store industriverksemder i Nordfjord står bak.