|
Runesteinen på Stedje. (Foto: A. Nybø, NRK) |
På ei reine høgt over bygda stod den store hovudkyrkja for Sogn,
Stedje kyrkje, og like ved den nye kyrkja står framleis ein runesteinen med sine mystiske skifter.
Eigartilhøva på Stedje var i fleire hundre år samanfallande med eigartilhøva på Kaupanger-godset. På 1500-talet var Stedje bustad for futane i Sogn - m.a. Svend Bagge og Truls Jude.
Storgarden er mest kjend for at den på 1800-talet hadde den største frukthagen i Norden - med 6666 utplanta tre.
Staseleg hovudhus i sveitsarstil
|
Det særmerkte hovudhuset. (Foto: Arild Nybø, NRK © 2003) |
Då Krohn tok over, stod eit hovudhus frå kring 1744 i tunet. Krohn utvida og bygde om huset i ein frodig sveitsarstil med eit par arker og eit karakteristisk tårn i eine hjørnet. Føredømet skulle visstnok vere hovudhuset på Ole Bulls "Lysøen".
Inne vart huset utsmykka med utskjeringar og målte dekorasjonar i tak og på veggar.
|
Driftsbygning på Stedje gard. (Foto: Arild Nybø, NRK © 2003) |
Avlsstasjon
I 1877 fekk fylket sin første avlsstasjon for telemarksfe på Stedje. Etter mykje sjukdom gjekk ein over til avl på vestlandsfe på garden. I 1884 vart denne avlsstasjonen overteken av Knagenhjelm på
Kaupanger Hovedgård.
|
Hans Andreas Hagelin. |
Hagelin-familien sidan 1899
Etter at
Henrik Krohn døydde i 1879, styrde enkja Hanna Krohn garden med hjelp frå paktarar.
I 1899 vart Stedje-garden kjøpt av Bergens-gullsmeden Hans Andreas Hagelin, og garden har vore i denne slekta si eige sidan.
Nytta til camping
I nyare tid har garden sidan 1961 vorte nytta til Stedje Camping, der det i 2003 også finst 9 utleigehytter. Mykje av den dyrka jorda har sidan sist på 1900-talet vorte nytta som utvidingsareal for handel og bustadfelt i tettstaden Sogndal.
|
Campingplassen på Stedje. (Foto: Arild Nybø, NRK © 2003) |