Den halvferdige vegen vert kalla ”Skandalevegen”, og folk som soknar til sambandet har sidan markert misnøye og støtta vegkravet med talrike aksjonar.
Først krav om veg rundt fjorden
Planane om å knyte bygdene på nordsida og sørsida av Dalsfjorden saman vart på 1960-talet fremja som krav om veg mellom Eikenes og Laukeland på nordsida av Dalsfjorden, slik at det vart vegsamband heilt rundt. I 1962 vart det samla 1200 underskrifter til støtte for dette prosjektet. Fylkestinget prioriterte dette vegsambandet på førsteplass av riksveganlegga i 1967. Hadde prioriteringa vorte fylgd, hadde vegen vore ferdig i 1973.
I mellomtida hadde planane om vegsamband for Askvoll langs Førdefjorden dukka opp - sjå
Folkelånsvegen. Kommunestyret i Askvoll kløyvde seg på midten i synet på lineval, og eit folkemøte i Askvoll kravde dessutan at Askvoll-halvøya måtte få vegutløysinga mot nord, langs Førdefjorden. Denne splittinga internt i Askvoll førde til at statsløyvingane til vegsambandet på nordsida av Dalsfjorden vart strokne i 1971.
I 1973 vart Norsk Vegplan revidert, og no kom Dalsfjordsambandet innatt i ei revidert form: Staten ville no byggje veg frå ferjeleiet på Eikenes og austover til Otterstein og setje opp eit mellombels ferjesamband mellom Otterstein og Dale inntil brua over fjorden frå Otterstein til Nishammaren vart bygd. Planen tok sikte på at brua kunne stå ferdig kring 1981.
I 1975 starta Vegvesenet bygging av vegen innover frå Eikenes mot Otterstein. Til saman vart det bygd fire kilometer veg og tunnel før arbeidet vart stoppa. Stortinget gjekk i 1981 inn for å overføre løyvingane frå Dalsfjord-sambandet m.a. til bygging av bru over Norddalsfjorden i Flora kommune (sjå
Veg- og brusamband i Flora), veg langs Hyefjorden (sjå
Samferdsle i Gloppen) og vegutbetringar i Hyllestad.
"Skandalevegen", som kosta 13 millionar kroner, har sidan stått unytta, og endar i klinkande berget. Sidan har aksjonsgrupper arbeidd iherdig for å få Dalsfjordbrua innatt på statsbudsjettet, og brukravet har stått gjennom mange stormar når fylkestinget på 2000-talet har gjort prioriteringar for riksvegbudsjettet.
Plan med tunnelar og bru
Vegstellet la i 2007 fram ein plan om å byggje ei 650 meter lang bru og tunnelar ved det sørlege brufestet i Nishamaren. På nordsida skal det byggjast ein 1600 meter lang tunnel framom eit rasfårleg parti ved Otterstein. Samla kostnad på prosjektet er 870 millionar kroner, og byggestart kan skje i 2009 dersom pengane finst.
|
Spørsmålet i bergveggen uttrykkjer frustrasjonen til folk på begge sider av Dalsfjorden. Foto NRK |