Fjord1 er eigd med 59 prosent av Sogn og Fjordane fylkeskommune og 41 prosent av Møre og Romsdal fylkeskommune. Det er eitt av dei største trafikkselskapa i landet med kring 2300 tilsette. Av desse arbeider kring 500 i Fylkesbaatane.
Milliardomsetnad
Fjord1 har ein årsomsetnad på kring 2 milliardar kroner i 2004. I 2003 kunne eigarane hente ut eit aksjeutbyte på 30 millionar kroner.
I 2003 disponerte Fjord1 56 ferjer, 19 snøggbåtar, 400 bussar og 216 godsbilar.
|
(Foto: NRK) |
Konsernet eig
Fylkesbaatane (hovudkontor i Florø), Møre og Romsdal Fylkesbåtar - MRF(hovudkontor i Molde), Mørebil (hovudkontor i Volda),
Nordfjord og Sunnmøre Billag L/L (hovudkontor i Stryn), Ottadalen Billag (hovudkontor på Otta) og
Sogn Billag L/L (hovudkontor i Sogndal). Frå januar 2004 vart også Sunnmøre og Romsdal Billag (hovudkontor i Ålesund) med sine dotterselskap Aukra Auto AS, Sørvest Transport AS, SRB Transport AS og Mordal Transport AS ein del av Fjord1-konsernet.
Hovudsete i Florø
Konsernet har hovudkontor i Florø. Den første konsernsjefen i Fjord1 vart tidlegare konsernsjef i MRF, Olav Smørdal frå Eid (sjå
Kjende personar i Eid fødde år 1900-1950). Første styreformann vart Jarle Skartun frå Sogndal.
Fylkesbaatane som namn med tilhøyrande logo vert framleis nytta på ferjer og andre skip som trafikkerer i Sogn og Fjordane ved sida av Fjord1-logoen. Det same er tilfelle for dei andre dotterselskapa i konsernet.
Kjerneverksemd
Kjerneverksemda for Fjord1 er drift av ferjer, snøggbåtar, lokalbåtar og rutebilar i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Men i tillegg driv også dotterselskapa farty for turisttrafikk, charter og fryseskip i utanriksfart. Selskapa driv også bomstasjonar, reisebyrå, bilutleige, godsterminalar, anna eigedomsdrift og finansforvaltning.
Fjord1 eig m.a. 33,4 prosent av Bergens-reiarlaget Fjord Line som driv rutebåtar mellom Bergen og Danmark og England, og er aksjonær i Fosen Trafikklag og Namsos Trafikkselskap.
Vann stor-anbod
I 2004 vann Fjord1 kontrakten på 10 års drift av to av dei største ferjesambanda i landet på E39-sambandet gjennom Hordaland og Rogaland; Halhjem – Sandvikvåg og Arsvågen – Mortavika. Til dette skal Fjord 1 byggje fem gassdrivne ferjer til kring 1,5 milliardar kroner. Den første gassferja – ”Bergensfjord”, vart sjøsett i 2006.