Gjekk Sogndal Folkehøgskule 1884-1885. Tok sveinebrev som bakar hjå Martens i Bergen. I læretida var arbeidstida frå to om natta til ni om kvelden! Fekk seinare også middelskuleundervisning hjå soknepresten i Årdal.
Landhandlar på Skjolden
Tok i 1890 over landhandelen på Skjolden etter faren Thomas Drægni.
Laga syltetøy og saft
Starta i 1900 produksjon av saft på Skjolden, og frå 1905 med syltetøy. I 1920 bygde han AS Halvard Drægni (
Drægni AS), Sogns Fruktkonservering, ein stor konservesfabrikk på Hermansverk. Drægni hadde sjølv aksjemajoriteten i selskapet og var administrerande direktør. Sonen Thomas Drægni var disponent ved fabrikken, medan Halvard sjølv var adm. dir. til han døydde.
Aktiv i samfunnet
Var ordførar i Luster kommune 1911-1916, 1920-1921 og 1926-1927 og var elles styremedlem i Fylkesbaatane, og medlem i Statens Arbeidsløysenemnd. Han var aktiv i fråhaldsrørsla, og dessutan ein ihuga målmann som vart kjend for å annonsere produkta sine på nynorsk. Det mest kjende slagordet er "Alle spyr etter Drægnis safter".
Tildelt Kongen fortenestemedalje i gull i 1938.