Hopp til innhold

SV-kjelder om brotet: Særleg skuffa over manglande hjelp frå Ap

Før dei tre raudgrøne partia sette seg ned i Hurdal for å sondere om regjeringssamarbeid, var det venta at dei store konfliktene ville gå mellom Senterpartiet og SV. Etter at det rauk, er sentrale SV-arar mest skuffa over Ap.

Sonderinger i Hurdal

BROT: SV-leiar Audun Lysbakken reiser frå Hurdalsjøen hotell og sonderingane med Ap og Sp.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Sidan torsdag førre veke har Ap, Sp og SV prøvd å finne felles grunn for regjeringsforhandlingar gjennom å samtale seg imellom på Hurdalsjøen hotell. I dag bestemte SV seg for å bryte ut og ikkje gå vidare til regjeringsforhandlingar.

Opplevde at det var ingenting å hente

SV-leiar Audun Lysbakken framheva at han ikkje hadde fått gjennomslag på klima- og miljøsaker og fordelingspolitikk som dei viktigaste grunnane til at dei braut.

– Det er heilskapen på desse områda. Oljepolitikken, utsleppskutt, naturvern, skatt, å gjere velferden profittfri, sa Lysbakken før han forlet hotellet.

Men godt informerte SV-kjelder utdjupar at oppfatninga i SV handlar om langt meir enn ein litt for dårleg heilskap.

Sonderinger i Hurdal

MINDRETAL: Ap-leiar Jonas Gahr Støre måtte onsdag konstatere at han ikkje klarte å få til ei trepartiregjering saman med SV og Sp – i denne omgang.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Fleire hevdar at det faktisk ikkje var noko som helst for SV å hente i oljepolitikken. SV gjekk til val på å slutte med oljeleiting, men opplevde, som NRK skreiv undervegs i forhandlingane, at dei ikkje klarte å flytte politikk sin veg.

NRK er kjent med at SV kravde endringar i leitepolitikken som vart opplevd som uaktuelle for dei to andre partia.

Også på fordelingspolitikken er fleire av dei godt informerte SV-kjeldene overraska over at det, slik dei ser det, nesten var ingenting å hente når tema som formuesskatt, inntektsskatt, avgifter og profittfri velferd låg på bordet i Hurdal.

Skuffa og overraska over Ap

I SV ristar fleire av dei som er orienterte om sonderingane på hovudet over Arbeidarpartiet si haldning i sonderingane.

Sjølv om partileiar Lysbakken la vekt på at dei tre partia har samtalt i ein tillitsfull tone, veit NRK at det i SV-land er stor frustrasjon over måten Jonas Gahr Støre leia forhandlingane på.

SV visste før sonderingane at dei var avhengige av drahjelp frå Ap på område som var viktige for partiet.

Men partiet opplever at dei ikkje fekk den drahjelpa frå storebror som dei trong.

Fleire i SV hevdar at det vart kravd av dei at dei måtte binde seg til avklaringar i sonderingane som ville gjere det umogleg med politiske gjennomslag i dei formelle forhandlingane seinare.

Av dei NRK har snakka med, meiner fleire at Ap nesten ikkje var til å kjenne igjen på felta som var viktige for SV.

Ein påstand er at Aps posisjonar i forhandlingane på fleire felt har hatt større avstand til SV enn Aps partiprogram eigentleg skulle tilseie.

Det blir også vist til at dei hadde forventa at dersom Ap hadde opptredd slik dei har gjort i Stortinget dei siste fire åra, så ville ein faktisk ha vore nærmare å kunne gå i forhandlingar.

– Eg meiner eg gjorde ein ærleg innsats, det var tydeleg frå Aps organ at vi ønskte ei trepartiregjering. Det prøvde vi, sa Støre på eit pressetreff etter at SV hadde forlete samtalane.

Lite lyd frå Ap

NRK har kontakta fleire andre Ap-kjelder med spørsmål om kommentar til at SV braut ut av forhandlingane. Men dei aller fleste har ikkje svart eller vist til partileiinga.

Mette Nord, Fagforbundet

SKUFFA: Mette Nord ville ha med alle tre partia.

Foto: Roger Myren / NRK

Mette Nord, som er leiar i LO-organiasasjonen Fagforbundet, og sit i sentralstyret i partiet, er ei av dei som uttrykker at ho er skuffa.

– Det må jobbast for å få på plass ei raudgrøn fleirtalsregjering i løpet av stortingsperioden, skriv ho til NRK. Nord meiner ei slik regjering er det beste for hennar medlemmar.

Folk i Arbeidarpartiets stortingsgruppe som NRK har vore i kontakt med, ønskjer ikkje å kommentere kva som blei sagt på møtet i gruppa onsdag ettermiddag.

– Nei, er det korte svaret fra helsepolitikar Tuva Moflag frå Akershus.

– Akkurat i dag tenker eg det er vanlege partileiarar sin tur til å kommentere, seier Espen Barth Eide, og spelar på Aps valkampslagord.

Eide har vore partiets talsperson på feltet som vart mest vrient i samtalane med SV, energi- og miljøområdet.

Frode Jacobsen er leiar i Oslo Arbeidarparti, der dei har fleire års erfaring frå samarbeid med SV i byråd.

– Eg har full tillit til at Jonas handterer dette på ein god måte, til det beste for partiet, seier Jacobsen til NRK.

Dag Terje Andersen var tidlegare Aps partisekretær og er no ferdig på Stortinget. Han svarar berre med eitt enkelt ord når NRK spør om kva han synest om at det ikkje blir fleirtalsregjering.

– Synd.

AKTUELT NÅ