Hopp til innhold

SV fryktar meir palmeolje på norske tanker

Regjeringa skal auke krava til kor mykje biodrivstoff det skal vere på tanken. SV fryktar dei nye reglane ikkje blir strenge nok til å hindre meir bruk av palmeolje. – Strengare krav kan auke pumpeprisane, seier Circle K.

Diesel og bensin koster nesten det samme
Foto: Freddy Samson Fagerheim / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Vi fryktar regjeringa vil opne opp for ein storstilt import av biodrivstoff, basert på palmeolje, som vi veit gir store utslepp av klimagassar andre stader på kloden, og ein rasert regnskog, seier Lars Haltbrekken, energipolitisk talsperson for SV.

Han ønskjer at regjeringa skal stille strengare krav til kva type biodrivstoff det skal vere tillate å bruke i dieselen som nordmenn fyller på tankane deira.

Blir avgjort i statsbudsjettet

Bakgrunnen for utspelet er det nye regelverket til regjeringa for biodrivstoff.

Frå 1. juli auka regjeringa kravet til kor mykje biodrivstoff drivstoffkjedene må ha i drivstoffet dei sel – frå 20 til 22,3 prosent.

Dermed er i underkant av 80 prosent av drivstoffet du fyller på tanken av fossilt opphav.

Samtidig er det krav om at ein viss del av biodrivstoffet må vere avansert. Det betyr at det er laga av avfall og restar, og ikkje plantar, som palmeolje. Denne delen er no auka frå 4 til 6 prosent.

I samband med statsbudsjettet skal regjeringa vedta korleis politikken skal vidareførast frå 1. januar 2021: Auke krava enda meir, eller vidareføre dagens nivå.

Klima- og miljødepartementet har varsla at dei vil auke omsetningskravet ytterlegare frå nyttår, men ikkje avgjort kor mykje.

SV vil auke krava

Haltbrekken og SV ønskjer eit alternativ som inneber ein auke av omsetningskravet til 28,5 prosent, og at kravet til avansert biodrivstoff aukar til 11 prosent.

Det inneber likevel ein auke dieselprisen på 17 øre per liter, og dessutan ein samfunnsøkonomisk meirkostnad på 451 millionar, ifølgje konsekvensutgreiinga frå Miljødirektoratet.

Lars Haltbrekken

Lars Haltbrekken i SV ønskjer at regjeringa skal stille strengare krav til kva slags biodrivstoff som skal vere lov å bruke.

Foto: Terje Pedersen/Scanpix

– Blir ikkje det ein stor kostnad for enkeltmennesket?

– Det vi snakkar om er viss du fyller ein dieseltank med 50 liter biodrivstoff, som kuttar utsleppa av klimagassar, så får du ein auka kostnad på 10 kroner. Det er svært lite for å få eit tiltak som faktisk nyttar. Det andre alternative som regjeringa skisserer er eit tiltak som forverrar utslepp, seier Haltbrekken, og refererer til eit alternativ i utgreiinga som held på dagens nivå av biodrivstoff.

Regjeringa vil ta omsyn

– Eg kan ikkje uttale meg om kva som kjem i statsbudsjettet til neste år, men det vi sjølvsagt har som ein del av vurderinga, er nettopp avskogingsrisikoen, seier statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Mathias Fischer.

Han påpeikar at det berre er eitt selskap som bruker palmeolje, nemleg St1, som sel for Shell.

Mathias Fischer

Statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Mathias Fischer (V), seier avskogingsrisikoen er ei vurdering når regjeringa endrar omsetningskravet.

Foto: Bård Bøe

Kommunikasjonsrådgivar for St1, Wilhelm Kiil Rød, vil ikkje kommentere korleis samansetninga av drivstoff skal vere i framtida.

«Vi kommenterer ikkje fremtidige planar, men så lenge råstoffet i biodrivstoffet følgjer norske reglar for sertifisering, samt EUs bærekraftskriterium, leverar ein utslippsreduksjon samanlikna med fossilt drivstoff og er konkurransedyktig på pris, vil dette kunne inngå i våre produkt», skriv han i ein e-post til NRK.

Fischer seier det kan vere ei teoretisk moglegheit for at det kan bli brukt palmeolje så lenge stoffet er tillaten.

– Spørsmålet er om det er det som lønner seg, og kva krav vi stiller i dei innretningane vi gjer. Heile tida har vi gjort endringar for å redusere avskogingsrisikoen, fortel Fischer.

Blir dyrare

– Det blir produsert for lite biodrivstoff av den kvaliteten vi treng for å løyse det høge omsetningspåbodet som er i Noreg, seier Circle K sin kategorisjef for drivstoff, Anders Kleve Svela.

Anders Kleve Svela, Circle K

Anders K. Svela i Circle K seier meir biodrivstoff i diesel vil føre til prisauke på drivstoff.

Foto: Johnny Syversen

Om regjeringa aukar kravet på kor mykje biodrivstoff det skal vere i pumpene på bensinstasjonane, seier han det kan medføre auke i prisen på drivstoffet vi fyller i tanken.

Det er sidan biodrivstoff er dyrare enn fossilt brennstoff.

Svela seier dei vel å ikkje bruke palmeolje i produktet sitt, og at det dermed er kamp i marknaden om den typen biodrivstoff dei ønskjer.

Han påpeikar at dei støttar ein auke i krava, men at dei ønskjer ein større føreseielegheit frå regjeringa.

– Det at dei kjem med det i samband med statsbudsjettet, og at det skal gjelde frå nyttår, det er for seint.

I ei tidlegare versjon av denne saka sto det at den samfunnsøkonomiske meirkostnaden ville vere på på 451 milliardar kronar. Det riktige er 451 millionar.

AKTUELT NÅ