Hopp til innhold

Stadfestar til NRK: Viken Venstre vrakar Grande

Fylkeslaget i landets mest folkerike fylke, Viken Venstre, vrakar heile partileiinga i si innstilling til valkomiteen. – Vi ønskjer fornying, seier nestleiaren. Heller ikkje Sogn og Fjordane Venstre nemner Trine Skei Grande i sitt innspel.

rD_paxDGrdc

Venstre-leiar Trine Skei Grande.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpi

Søndag blei det kjent at heile sentralstyret og partileiinga i Venstre stiller seg til disposisjon for partiet og ønskjer å fortsette i partileiinga.

Men no stadfestar nestleiaren i Viken Venstre, Trond Svandal, at dei verken ønskjer at dagens leiar, Trine Skei Grande eller dei to nestleiarane, Ola Elvestuen og Terje Breivik skal fortsette.

– Dette er innspel til ein valkomite som vi har stor tiltru til. Vi har sendt inn ein heil del namn på personar som vi meiner kan gjere ein god jobb, frå toppleiing til sentralstyre. Men vi har ikkje tatt stilling kven som bør få dei ulike posisjonane, seier Svandal til NRK.

NRK har tidlegare meldt at Sogn og Fjordane Venstre har levert ei uprioritert liste med namn som bør inn i partileiinga.

No blir det stadfesta av fleire kjelder at Trine Skei Grande ikkje er på den lista.

Trine Skei Grande ønskjer ikkje å kommentere saka og viser til gårsdagens pressemelding der eit samla sentralstyre seier all deira dialog vil gå direkte med valkomiteen og ikkje via media.

Nestleiar Terje Breivik og stortingsrepresentant Abid Raja har tidlegare gått ut og støtta Trine Skei Grande sitt vidare leiarskap.

Treng fornying

Ei rekke kjelder seier til NRK at partiet treng fornying.

Viken Venstre, som dekker dagens Buskerud, Akershus og Østfold, har spelt inn meir enn ti kandidatar til valkomiteen.

Det er ingen tvil om at både Trine Skei Grande og resten av toppleiinga har gjort ein kjempejobb for partiet over lang tid. Men vi ønskjer fornying, og etter ein debatt internt i fylkeslaget, har vi no sendt inn vår liste, seier Trond Svandal i Viken Venstre.

Hvordan har oppslutningen til Venstre endret seg?

Grafen viser Vs oppslutning på landsbasis fra de siste kommunevalgene og for 2019.

10 %5 %0 %1999200320072011201520194.4%3.8%5.9%6.3%5.5%3.88861%3,9 %

Både Abid Raja, Sveinung Rotevatn og Guri Melby er blant kandidatane Viken Venstre ønskjer skal gå inn i sentrale verv i partiet.

Fleire vil byte ut Grande

Som NRK melde søndag er situasjonen den at sjølv om mange i partiet no har peika på både Sveinung Rotevatn og Abid Raja som partiets nye leiar, manglar dei begge full støtte i sine eigne fylkeslag.

I Unge Venstre, Venstrekvinnelaget og Liberale Studenter kjem dei med ei klar tilråding om at Sveinung Rotevatn bør bli den neste partileiaren, og at Trine Skei Grande må ut.

Vidare kjenner NRK til at Hordaland Venstre opnar for å byte ut Grande med Abid Raja. Sogn og Fjordane Venstre har levert ei «flat» liste med namn som bør inn i partileiinga, og Trine Skei Grande er ikkje på den lista.

Abid Raja møter Trine Skei Grande

Abid Raja og Trine Skei Grande etter ei debattsending hos NRK i 2018.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Og VG har tidlegare meldt at Troms og Finnmark Venstre også går inn for å vrake Trine Skei Grande som leiar.

Per A. Thorbjørnsen, som leiar nemnda, har sagt at førsteinntrykket hans frå innspela så langt er at partiet ønskjer fornying. Det er nytt møte i valnemnda kommande fredag.

AKTUELT NÅ